16 april 2008

Vårforkjøling

Eg er blitt skikkeleg forkjøla
og er heime frå jobben på andre dagen.
Ligg for det meste på sofaen og ser på tv eller strikkar.
I går stikka eg ferdig dei tre fingrane som mangla på dette hanskeparet som eg begynte på i februar.
Dei er strikka i Fabel, og eg fann mønsteret her. Hanskane blei ganske bra, men det freistar ikkje å strikke fleire par på ei stund. Det er kjekt å strikke eit par fingrar, men så er det nok liksom....
Ute er det flott vårver. Eg måtte berre opne verandadøra og knipse eit bilde, sjølv om dette begynner å bli eit "utslitt" motiv!

12 kommentarer:

marit sa...

Flotte vanter:-)
Sånne motiv blir aldri "utslitte"- hver gang en ser ut, er det noe nytt!

Besta sa...

Litt lenger nede ved elva, nedafor brua, var det vaskeplass i gamle dagar. Eg kan hugse at husmødrene i sentrum frakta kleda sine i handvogner bort til elva for å skylle dei der.Veit ikkje om eg hugsar rett, men eg meiner at det også var dei som koka klede i gryter over bål.Men det kan vere noko eg har sett på bilde?

Elin sa...

Deilige hanskar, og fint motiv. God betring!

Anonym sa...

Yesterday a walk for 2 1/2 hours, tonight surfing the net, planning some SBS stiching. Lapgirl.

Anonym sa...

Vakert ved elva,på den andre sida er jo Jektehola,der pleier me å æra vaskekonene, som vaska klærne til dei militære,i byrjinga av Juni. I år har me 10årsjubileum, då kan alle som vil koma og grilla eller få servert gratis kaffi og sveler av Eli Sunde o.a.

Timotei sa...

Fine hansker! Har akkurat makne jeg også...Flott motiv fra verandadøra di. Blir ikke leie av å se så flotte motiv, vet du! Ønsker deg god bedring!

Anonym sa...

Du fortjente å få påskeliljer i dag da! Såg Jektehola fra andre sida i dag. Eg måtte skryte til ein kollega som ikkje hadde vore der før, kor vakkert det er. God bedring!

Anonym sa...

Enig med Marit, stadig noko nytt å sjå der det er vatn; dette ut frå mine erfaringar som hytteigar ved havet. Trasig at du skulle få sykja mi. God betring! mamsen

Anonym sa...

Flotte hanskar. Einig med ho som skreiv over her ang kvaliteten! Mykje betre enn dei ferdigkjøpte, og ikkje minst myyykje flottare :)

Anonym sa...

God bedring ! Hanskane blei fine men det må være mykje putlearbeid med alle fingrane.

Mette

Maret sa...

God bedring, og ha ei fin helg...

Anonym sa...

Wow, så kule vanter! Det frister å kopiere disse, men så var det fingrene da, det er så mange av dem, liksom... ;o)
Nydelig utsikt, misunner deg den!!