05 april 2008

Småprosjekt

Det går i småprosjekt for tida. Eg har strikka dette sokkeparet i restegarn (Opal) til minstemann.
Pusen vår, Hermine, har fått eit nytt kull kattungar. Denne gongen kom det heldigvis berre to, og det er akkurat passeleg både for henne og for oss. Ho storkosar seg i korga og passar godt på sine søte små!

9 kommentarer:

Besta sa...

Tøffe resteleste.Eg synest det er artig med slike resteprosjekt, kan bli ganske spennande ting. Dessverre kan eg ikkje strikke enno. Men eg har eit håp om at eg skal komme meg til ein gong. Pusane eg berre nydelige. Ønsker meg ein katt, men vi kan ikkje legge oss til med småfolk i vår alder, no når vi elles er så FRI. Dessutan er det ei drøss med kattar i nabolaget.

Timotei sa...

Så herlig med kattunger! Og lestene var stilige!

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Gratulerer med pusane! Nydeleg bilde. Dette må du forstørre og råme inn!

solveig sa...

Eg er veldig glad i kattar, men har ein mann som er allergisk. Kattemødre er "gode" mødre.
Eg hugsa då kanina til Margrete fekk 8 små. Det var så vidt ho såg til dei, men vaks gjorde dei. Kaninmora var mest opptatt av å ete sjølv. Når ein tenkjer på det er det heilt logisk, det skal vel etast noko gras for å fø 8 små!

margrete sa...

Men de veit vel korleis kattemødrer oppfører seg mot store kattungar når dei får eit nytt kull? noko å tenkje på for tenåringsmødrer...

solveig sa...

Eg brukar å seie at som lærar er eg kattemor. Eg greier berre eit kull om gongen.

Strikkeglad sa...

Så nydelige kattepuser!

Anonym sa...

fine sokkar

Anonym sa...

Så søte kattunger. Dei må eg vise til Magnhild i morgon. Er innom sida di stadig vekk og får lyst til å lage noko sjølv og. Får sjå om det berre blir med tanken eller om det blir noko meir..... Har iallefall fått gjenoppliva prosjektet der Magnhild skal strikke bamse.

Mette