19 april 2008

Tre raske huer

Eg har strikka ferdig desse tre huene som eg begynte på i haust/vinter.
Den grå er strikka etter Bente B sitt mønster, "Smock lue". Den er strikka i dobbel alpakka frå Garnstudio. Eg forandra litt på mønsteret. Hekla ein picot-kant nede og laga symetrisk mønster.
Den brune er strikka i Alfa frå Sandnes, og mønsteret står i det siste juleheftet til Sandnes. Der er det også mønster på vottar og skjerf som passar til. Kjempefint sett!
Den grønne hua er strikka i Mirasol frå Du Store Alpakka.

4 kommentarer:

Marie sa...

Her går produksjonen for fullt ser eg. Eg er så imponert over alt det fine du syr og strikkar!

Ønskjer deg fine vårdagar framover :)

Anonym sa...

Takk for lue nr 1 og alpakka- skjerf i bursdagspresang. Kjem vel med, gløymde finelua eg fekk med deg i fjor på hytta. Takk til deg og storesysta for hjelp i dag med bloggen vår som hadde "løpt løpsk".
Godt å ha datakyndige folk i familien. Mamsen

Timotei sa...

Herlige luer du har strikka! Likte alle sammen!

Anonym sa...

Så var nok ei uke over og det er snart helg. Eg er på min ukentlige God Helg bloggbesøktur, og ønsker deg ei fin helg. Flotte luer :)
Klem fra Ronille