01 mars 2008

Bloggartreff og "sysnop"

I dag var eg på shopping og kafe saman med to andre hobbybloggarar, Lappetausa og Marit. Lappetausa kjenner eg no godt sidan ho er tanta mi, men Marit har eg aldri møtt før. Moro å bli kjend med nye folk på denne måten! Etter kvart slutta også systra mi, LilleMø, seg til bloggar-gjengen!
Hos Ingun på Primula blei det handla litt stoff m.m.
Eg fekk meg dessutan ein hyggeleg overrasking i dag. Lappetausa har hatt loddtrekning blant dei 25 som skreiv kommentarar på innlegget hennar 24. febr. Og gjett kven som var den heldige vinnar av sy-snop i høve 1-års jubileumet hennar som bloggar?! Eg fekk to nydelege japanske stoffbitar og ein flott knapp. Tusen takk!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Tenk at du var den heldige vinnar av sysnop - og stoff treng du vel også? I dag las eg ferdig "Hjem" av AKL, stille i eteren i heile dag og A.M besøkjer mor. Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Det er berre ein ting eg lurer på: Kor mange timar har døgnet ditt?
Fire søner, hus, heim og JOBB! Og så SÅ mykje handarbeid! Korleis får du tid til alt?