Forrige veke strikka eg dette votteparet som eg har sett på lenge. Mønsteret er i frå eit Idenahefte med mange fine vottemønster frå Færøyane, Finland og Grønland. Eg brukte Smart og pinnar nr. 3,5, så det gjekk ganske fort. På grunn av mønsteret fekk vottane ein fast og fin fasong og sit godt på hendene. Eg trur nok eg kjem til å strikke fleire av desse!
Laurdag hadde vi den fine våren her på Vestlandet, med sol, berre vegar og grønt gras. Men dagen etter begynte det å snø, og det blei full vinter igjen....
5 kommentarer:
Når ein ser på vinterbilda, er det nok ikkje for seint å strikke vottar. Vakkert begge deler. Tenkjer det er godt med ferie.
Om du er i humør til det, kan du kanskje leggje inn på Hildegard dei måleria du har foto av som manglar? Har hatt meg ein drosje-runde med hestejentene til apoteket (sårsalve til ein hest som I passar), FK (gåvekort) og stallen til Ivar. No skal eg bake Ingers rugbrød og kanelsnurrar. Mamsen
Tykkjer eg kjenner bakelukta i Hildegard! Vottane ble kjempefine!
Ta ein tur til Gloppen i mårå..
Det var sannelig utrolige votter du har strikket.. I grunnen noe paradoksalt over disse også, og jeg liker dem kjempegodt! God påske til deg og dine...
Flotte votter, har strikket en og en halv av de,skulle plukke opp masker til tommelen og var litt uheldig...men har fortsatt tenkt å strikke de for de satt nydelig på hånden.
God påske.
De vottene med sikksakk på har jeg også mønster på, syns de er så fine. Fikk enda mer lyst til en gang å strikke de etter å ha sett dine.
Sette på listen over ting som bør gjøres selv om jeg "hater" å strikke votter.
Legg inn en kommentar