
Søndag fekk eg sydd denne AnnAKa-posen med plastvindauge. Eg kjøpte mønster hos Ingun på fredag, så dette var raskt levert for å vere meg! Det var veldig kjekt og lærerikt å følge mønsteret punkt for punkt. Denne posen kan ein faktisk sy utan ein einaste handsaum. Eg har brukt blomstrete Amy Butler og einsfarga Kaffe Fassett-stoff.

Slik ser posen ut utan noko i.

Eg hadde berre ei handkleklype til å feste i nedbretten oppe på posen, så i dag var eg innom Libris for å kjøpe ei dokumentklype av typen som AnnAKa har brukt! Kult, hadde aldri kome på dette sjølv! Eg har fylt posen med glidelåssamlinga mi. No har eg planar om å sy mange fleire posar av denne typen..........