05 juni 2007

Sommaravslutning i Quilteklubben


I kveld var det sommaravslutning i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Eg var på ein annan avslutning fyrst, så eg fekk berre med meg siste delen av arrangementet. Det er blitt tradsjon å arrangere sesongavslutninga i Jektehola, som er eit veldig fint friområde omkransa av blant anna mange tre. Dei som har noko å vise fram tek det med slik at det kan hengast opp på snorene som er knytt opp mellom trea! Elles er det grilling, kaffidrikking, loddsal og prating det går i!

Det var veldig mykje fint å sjå i kveld! Eg jobbar saman med to damer som er litt meir aktive ved symaskina enn meg. Her er det dei hadde med til utstillinga!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du er jammen kjapp du! Etter klokka å dømme så tok du bilder lenge før vi var komne der... he, he. Eg har ikkje lagt ut noko enno på quiltebloggen, må ha litt god tid og dårlig ver først, men har skrive artikkel til avisa som eg sende no rett før midnatt, så det får vere mitt bidrag i kveld.

TIRIL SOL sa...

Nydelige bilder, både av Ossetra og hagen. Kanskje vi kunne gått der på tysdagstur eingong. Det såg so idyllisk ut.

Anonym sa...

Så koselig de har det her og så mykje flott handarbeid! Skulle ønske eg kunne sy slik som dette!

Elin sa...

Så fine bilete! Du har jammen fått deg eit godt apparat. Håpar du blir utfordra til foto frå detaljar i nærmiljøet, det hadde passa deg fint!

[morgrethe] sa...

Så koselig det så ut med en slik avslutning. Jeg hadde nok ikke hatt noe særlig å henge opp jeg heller. Men det er mange flinke, effektive og inspirerende damer rundt om i dette landet. Artig å se:o)

Anonym sa...

Så herlig med alle de quiltene som er hengt opp mellom trærne! Virkelig inspirerende!