06 mai 2007

Sommarveske

Denne veska fekk eg til førtiårsdagen min i fjor sommar av tanta mi Lappetausa. Elin er jo flink til å sy sjølv, men denne veska har ho kjøpt av Solfrid, som også er medlem i Nordfjord Lappe og Quilteklubb.
Ei fin og praktisk veske for sommarhalvåret! Slik ser veska ut på den andre sida. Ho har vore veldig mykje brukt og vaska minst ein gong. Eg har brukt denne veska til å frakte med meg Bølgeteppet mitt rundt om kring, men no er det begynt å bli litt vel trangt.

Var begynt å kjenne litt smerter her og der etter litt for intens hekling, så eg har starta på eit sokkepar for å få litt variasjon. Litt lettare å ta med seg og! Strikkar i Regia 4 tråds på pinnar nr. 2,5. Ein veldig fin (dongeriaktig) blåfarge. Strikkar eit vaffelmønster. Dvs. 2r 2 vr to omgangar, deretter alle masker rett 2 omg osv.


2 kommentarer:

Elin sa...

Veldig fine bilete! Prøv å lese ei bok viss du er stiv av heklinga. Strikking kan umogeleg hjelpe. Prøv Elm Creek Quilts, herleg avslappande lesing!

Anonym sa...

Ahhh, så det er ikke bare jeg som strikker og hekler til jeg får vondter altså: godt å høre;-)