18 mai 2007

Tur til Volda/Ørsta


I dag var det skulefri, så då måtte vi finne på noko! Eg fekk med meg tre av gutane mine på ein liten tur til Volda og Ørsta. Eldstemann lærekøyrde, så eg kunne berre lene meg tilbake i bilsetet og "slappe av".

I Volda måtte eg innom Nettstrikk, som er ein veldig fin strikkebutikk!
Godt utval av garn og mange fine modellar.

Her er to ting som eg godt kunne ha tenkt meg å strikka. Veske frå Drops Design og strikka bølgeteppe.
Fin leikeplass for barna med heimelaga treklossar!
Sidan eg er litt hekta på hekling for tida, kjøpte eg garn og mønster til denne veska i Sumatra!
Ho er i to ulike storleikar. Eg satsar på å hekle den største i første omgang.

Litt strømpegarn blei det også handla. Fabel frå Garnstudio.

2 kommentarer:

Timotei sa...

Herlig med en slik tur. Gleder meg til å se hvordan veskene dine blir!

Ronille sa...

Jaha så du er i mine trakter av og til altså :) Nettstrikk er en kjempe fin butikk, og eg trur eg forstår meg litt på dei som er avhengig av diverse tunge stoffer... Det må være noke lunde den samme abstinensen som eg får når eg går inn døra der borte, hehe... Der er så mykje eg har lyst på.. Bølgeteppet ditt vokser med rekordfart, mitt er 80cm.. Ha ei fin veke :))