12 oktober 2012
11 oktober 2012
"Herlig hals"
Denne veka har eg haustferie og sløvar (kosar) meg heime.
Det blir litt meir strikking enn vanleg.
Eg har blant anna gjort ferdig denne ufo'en frå i fjor haust.
| Det er ein hals strikka i Finull frå Rauma. |
Gratismønster signert Strikkelisa.
Ravelry link her.
Mønsteret heiter "Herlig hals",
og det er verkeleg ein herleg hals.
Etter å ha tova den i maskina på finvask 40 grader,
blei den utruleg mjuk og god!!
Eit godt alternativ til Marte Helgetun sine halsar,
viss ein likar betre ull enn alpakka.
09 oktober 2012
Pledd i Daletta
Eg har ikkje vist fram pleddet mitt
som eg begynte på i vår.
som eg begynte på i vår.
Det har vore ferdig ei lita stund no.
***
***
Vi var fire på jobben og to til som begynte omtrent samtidig.
Alle hekla i ulike fargar,
to i alle fall brukte random stripe generator.
Eg har eit system i mitt,
noko som viser på det nederste bildet.
***
to i alle fall brukte random stripe generator.
Eg har eit system i mitt,
noko som viser på det nederste bildet.
***
Fire av oss hekla i Daletta frå Dale.
Det er eit herleg garn som er
både lett og gir god varme.
Pleddet mitt veg ca. 900 gram.
Eg hekla etter dette mønsteret.
07 oktober 2012
Mariusgenser
Mariusmønsteret er populært for tida,
ingen tvil om det!
Denne genseren begynte eg på i vår. No er den ferdig.
Det er veldig lenge sidan eg har fullført eit større plagg til meg sjølv,
så eg er litt stolt : D
Håper eg kan få ferdig dei andre jakkene og genserane
som eg har på gang og!!
Mønsteret fann eg i eit KLASSIKERE hefte frå Sandnesgarn,
men det står også i den nye Mariusboka.
Min er strikka i Sandnes alpakka.
22 september 2012
Varmt til halsen
Eg har fullført nokre småprosjekt,
og i dag passa det fint å ha fotoseanse ute i det
nydelege haustveret.
Dette skjerfet begynte eg på for nesten eit år sidan.
No er det endeleg ferdig.
Tynt, mjukt og lekkert!
Det er strikka i Alpaca Silk frå Rauma.
Denne halsen er strikka i eit av favorittgarna mine
Faerytale frå DSA.
Eg likar godt mønstrene til Marte Helgetun.
Dei er enkle men utruleg fine og praktiske!
Fargen er gråbrun.
Eg sjekka strikkefastheten min etter å ha strikka eit stykke,
og fann ut at halsen blei litt for vid.
Difor felte eg først fire masker og litt seinare to masker til
for å få rette måla.
slik eg ofte må....
Dette er ein skikkeleg hausthals.
Den er strikka i Drops Delight.
Dette sjalet er hekla i Tynn alpakka frå DSA.
Det var raskt å hekle,
men det tok mykje tid å klippe opp og feste på frynsene ....
10 september 2012
Riga
På jobben til mannen min er dei flinke til å arrangere turar og sosiale samankomstar. Denne helga var dei som hadde høve til det (+ følge) i Riga. Vi hadde ein veldig kjekk tur! Her er hobbybildene mine frå turen. Fann ein fin butikk som også selde litt garn. Betalte ca. 200 kr. for desse 12 100 grams nøstene. Garnet liknar på Kauni.
03 september 2012
Hitchhiker
Eg har strikka mitt første Hitchhiker- skjerf. Bloggar frå i-Paden for tida og har ikkje lært meg å lage link. Men dei fleste som er på Ravelry kjenner vel godt til dette populære skjerfet og har strikka både eit og to.... Kjem nok til å strikke fleire eg også. Kjekt mønster! Mitt er strikka av 100 gram Fantasy frå Sandnes. Dette garnet skal visst gå ut no, og er difor på sal.
27 august 2012
26 august 2012
12 august 2012
Pyntesokker
Eg har gjort ferdig Pyntesokkane som eg begynte på i vår.
Hadde berre ein halv sokk igjen å strikke.
Det blei sikkert ein stopp på grunn av at
Rauma 3-tråds er litt tungt for meg å strikke med,
særleg på fem pinnar.
Fann mønster på desse i LevLandlig
Seinare såg eg at eg har mønster på dei
også i eit Raumagarn hefte.
Har ikkje strikka stjernemønster på hælane,
sjølv om det var prikken over i'en.
Og så har eg hekla eit par sekskanta gryteklutar.
Mønster i Tove Fevang si siste bok.
Dei er hekla med dobbel Mandarin Petit.
05 august 2012
Strikka gryteklutar
Denne veka har eg blant anna strikka ein gryteklut.
Det er første gong eg har prøvd dominostrikk, ganske kjekt!
Men Mandarin Petit og pinne nr. 2, 5 blei litt treigt for meg
(som er vant til å hekle, noko som går mykje fortare....),
så eg fann fort ut at denne grytekluten kom til å forbli singel.
Men den blei i alle fall tjukk og god, sidan den er dobbel.
Bakstykket er ei stor dominorute.
Mønster til dominogrytekluten fann eg i den nye boka til
Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar, BLÅTT.
Medan eg strikka på dominogrytekluten,
kom eg på at eg hadde ein annan gryteklut frå i fjor
liggande nesten ferdig på loftet.
Etter å ha leita meg igjennom 6-7 kasser med
garn og uferdige prosjekt, fann eg den jammen.
Det var berre å felle av, sy saman oppe og nede
(den er strikka rundt på rundpinne slik at den er dobbel)
og hekle ein picotkant rundt.
Denne er singel også, så no kan dei vere eit par............
I dag har vi hatt ein fin sommardag,
men badetemperaturen lar vente på seg.
Desse to bildene er frå øya Cheung Chau, Hong Kong.
Vi hadde stopover to netter i Hong Kong på veg til Australia.
Ein kollega av meg som har budd eit år i byen,
anbefalte oss å ta ferje til denne øya viss vi ville bade og slappe av.
Minstemann fekk bade og kose seg saman
med dei innfødde på den fine sandstranda.
Temperaturen i lufta var ca. 28 grader, så det var heilt perfekt.
Godt å kome seg litt vekk frå folkemengda inne i byen.....
01 august 2012
Juliproduksjon
Her er juliproduksjonen min i år.
På Rocks sunday market i Sydney,
kjøpte eg eit hespe med handfarga alpakkagarn.
Garnet låg i ein papirpose med forslag til mønster.
Det var raskt å strikke på pinne nr. 9. Berre rette masker.
Veldig mjukt og godt!
Så hekla eg dette sjalet av Milk & Honey.
Mønster: Muffins halstørkle.
Har hekla mange slike, men denne gongen
hekla eg ein pikot-kant rundt i ein kontrastfarge.
Har også begynt på ein duk som eg fann mønster på
i boka Løkker & masker- 100 norske hekleoppskrifter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)













