05 august 2012

Strikka gryteklutar

Denne veka har eg blant anna strikka ein gryteklut.
  Det er første gong eg har prøvd dominostrikk, ganske kjekt!
Men Mandarin Petit og pinne nr. 2, 5 blei litt treigt for meg
 (som er vant til å hekle, noko som går mykje fortare....),
så eg fann fort ut at denne grytekluten kom til å forbli singel.
Men den blei i alle fall tjukk og god, sidan den er dobbel.
Bakstykket er ei stor dominorute.
Mønster til dominogrytekluten fann eg i den nye boka til
Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar, BLÅTT.
Medan eg strikka på dominogrytekluten,
kom eg på at eg hadde ein annan gryteklut frå i fjor
liggande nesten ferdig på loftet. 
 Etter å ha leita meg igjennom 6-7 kasser med
 garn og uferdige prosjekt, fann eg den jammen.
Det var berre å felle av, sy saman oppe og nede
(den er strikka rundt på rundpinne slik at den er dobbel)
og hekle ein picotkant rundt. 
Denne er singel også, så no kan dei vere eit par............
I dag har vi hatt ein fin sommardag,
 men badetemperaturen lar vente på seg.
Desse to bildene er frå øya Cheung Chau, Hong Kong.
Vi hadde stopover to netter i Hong Kong på veg til Australia.
Ein kollega av meg som har budd eit år i byen,
anbefalte oss å ta ferje til denne øya viss vi ville bade og slappe av.
Minstemann fekk bade og kose seg saman
med dei innfødde på den fine sandstranda.
Temperaturen i lufta var ca. 28 grader, så det var heilt perfekt.
Godt å kome seg litt vekk frå folkemengda inne i byen.....

8 kommentarer:

Elin sa...

Dette blei eit vakkert gryteklutpar! Er spent på kva anna du fann då du leita gjennom alle posane...
Heldige Henning som fekk bade! Kva med resten av gjengen?

Kort og Søm sa...

Så fine grytekluter,
et flott par :O)

Snuppesnella sa...

Knallfine gryteklutar !
Sidan den i domino vart singel, kan
du jo ha den til panneunderlag. Fine
fargar !
Hos meg er det bloggtørke. Kjekt å kikke
innom her hos deg.

Lappeline ♥ sa...

Kjempe fine grytekluter....i flotte
Farger.

Fin ukestart ønsker jeg deg

solveig sa...

Fint par gryteklutar!

Artig å sjå asiatane med paraplyar - på stranda. Det hadde dei i Oslo og då vi prøvde å nyte den sola som var.

Tonemor sa...

Så nydelige grytekluter.
Ble jo et fint par de to.
Ønsker deg en flott søndagskveld
Klem Tone

Misemor sa...

For et vakkert par! Godt å få gjort ferdig noe som har ligget og godgjort seg en stund!
Klem!

Flittige hender sa...

Her var det mye flott!
Flotte bilder fra ferien.
Ha en fin kveld :0)
Fra Grethe