03 mars 2012

10 år gamal Ufo

I vinterferien begynte eg å sy saman desse strikka lappane
som eg har hatt liggande i snart ti år,
og no er teppet omsider ferdig!!Teppet er strikka i 100% spælsau-ull frå Norsk Kunstvevgarn AS.
Meininga var at det skulle bli ein del større, dvs. 30 lappar.
Men eg fann ut at det trass alt var betre at det blei eit lite teppe,
enn at det berre låg der uferdig.
Teppet blei faktisk ikkje så verst i størrelsen likevel
med sine 20 lappar.
Så eg er fornøgd, sjølv om eg nok hadde valt andre fargar
skulle eg ha strikka det i dag.

Mønsteret fann eg i boka Sommer gleder av Grete Gulliksen Moe.
Boka kom ut i 2001.

26 februar 2012

Enkle strømper

Eg har strikka ferdig to par strømper i tynn ull.
Paret til venstre er strikka i Silja, kjøpt på Spar Kjøp for mange år sidan.
Paret til høgre er strikka i Opal.
Paret i Opal er strikka delvis etter Blueberry Waffle-mønsteret.
Eg likar dette mønsteret veldig godt.
To omg. med to rette to vrange, og to omg. glattstrikk osv.
Mønsteret er enkelt og greit og gir god fasong!
Opalgarnet er også ein favoritt.
Silja-garnet er eg derimot ikkje så glad i.
Synest det blir for glatt, for lite "ullete" og verkar ikkje så varmt.
Men det er eit billig garn, så det er vel bra i forhold til prisen.
I vinterferien har eg lese denne boka på ca. 500 sider.
Romanen er ein engelsk bestseljar som er lettlesen og velskriven.
Handlar om fleire kvinnerskjebnar i ulike tidsepokar, eit familiedrama.

22 februar 2012

Vinterferie

Vinterferie-snadder....
Denne veka har eg vinterferie :D
I går hadde Minstemann bursdag og blei 8 år!
Det feira vi med stort familieselskap,
så i dag er det godt å slappe av med litt lesing, data, strikking
og snart trening og spa....
Minstemann kosar seg med å spele Wordfeud på mobilen min.

19 februar 2012

Vinteridyll

"Vinteridyll"-puta sydde eg for eit par år sidan.
Den er kjekk å ta fram kvar vinter.
I år har eg strikka mine første Selbuvottar.
Dei er langt frå perfekte
og er i største laget,
sjølv om dei er strikka i damestr.
Vottane er strikka i Heilo frå Dale.
Koks og naturkvitt er berre så fint til vottar av denne typen!
Mønsteret fann eg i boka Strikkelyst av Brandal og Myhrer.
Eg kjem nok til å strikke fleire Selbuvottar,
men vil bruke eit anna mønster neste gong.
Idyll på "skyggesida".

Kjekt i akebakken!

12 februar 2012

"Annes populære vott"

I morgon er det to veker sidan A's almanakk
pryda framsida av Allers,
og mange av oss strikkebloggarar kjøpte bladet
berre for å lese artikkelen om henne.
Eg har sett på desse vottane før,
men no blei eg skikkeleg motivert til å strikke dei.
Det raude paret er strikka i Freestyle frå Dale
og det blå i dobbel alpakka frå Drops.

Det var veldig enkelt, rakst og kjekt å strikke desse vottane!!
Bålveden på bildet er slikt som "vi"(gutta) har samla opp rundt naustet
etter Juleorkanen.

Morsdag

Minstemann kom med roser til mor på fredag!!
Rosene passar utruleg godt til denne duken som eg sydde for nokre år sidan.

Morsdagsgåvene kjøpte eg sjølv i går :D
Ann-Mari Nilsson har kome ut med ny strikkebok.
Det har også Arne & Carlos.

Primula Design hadde posesal på stoff denne helga.
Kun 200 kr for alle desse stoffbitane.
Dei fleste av dei er 50 cm og full breidde, så dette var eit godt kjøp!!

05 februar 2012

Hals og hue

For ei stund sidan begynte eg på ei hue i Odin frå Viking.
Eg tenkte at det måtte gå bra å strikke denne modellen i Odin.
I begynnelsen såg det veldig bra ut,
passeleg stort, og stripene var veldig fine,
men den ferdige hua blei altfor vid og stor.
Garnet var litt vanskeleg å få rekt opp,
så då kom eg på at det kunne bli til ein hals i staden for.
Eg rekte opp fellingane og auka ekstra ut.
Halsen er nydeleg å ha på,
og den ligg fint over skuldrane.
Den brune hua på bildet er strikka i Misti frå DSA.
Det er Hobbyugla som har laga mønsteret.
Har ikkje prøvd den enno, men den ser lovande ut.
P.S. (Ei veke seinare: Hua er skikkeleg god!!)

29 januar 2012

Etui til rundpinnar

I helga har eg sydd eit etui til å ha rundpinnar i.
Eg sydde etter mønsteret til Vanella.
Eit veldig greit steg for steg mønster med tekst og bilde.
Ein nydeleg søndag på Vestlandet.
Vi bur på skyggesida, så inga sol på oss enno.
Men trøysta er eit rikt dyre- og fugleliv....

Biblioteket her har begynt å ta inn digibok-kort.
Lånte og har høyrt Huset du elsket av
Saras nøkkel /Bumerang - forfattaren.
Denne boka var heilt annleis og hadde lite innhald.
Har høyrt at fleire har blitt veldig skuffa.
Men boka er grei nok å høyre på
viss ein har noko anna å gjere på samstundes .
Den har sine (få) lyspunkt.
Hovudpersonen skriv i eit brev
"....har du opplevd korleis ei bok fører deg vidare til neste bok"
. Huset du elsket førte meg i alle fall vidare til Madam Bovary,
som eg hadde ulest i bokhylla.

22 januar 2012

Kalvågjakka

Denne veka har eg halde meg trufast til Kalvågjakka
og er dermed kome eit stykke vidare.
Fotoapparatet mitt har gjort blåfargen altfor lyseblå.
Den er eigentleg lys sjøgrønn.
Sjå rett farge og les om historia til jakkemønsteret her.

14 januar 2012

Januar - optimismens månad?

Kvart år i januar er eg full av optimisme
om kor flink eg skal vere i det nye året på fleire områder.
***
Når det gjeld handarbeid,
skal eg gjere ferdig uferdige prosjekt (som eg har rikelsleg av),
kjøpe mindre garn,
bruke av garnlageret (som veks for kvart år)
og vere ferdig med eventuelle julegåver i god tid.
Av erfaring veit eg at dette ikkje går så bra, men ein kan alltids håpe...
***
Eg ser rundt om på hobbybloggane at eg ikkje er åleine om desse nyttårsforsetta,
og det er inspirerande å lese om planane som folk har for det nye året.
***
For meg starta det bra i år.
Eg blei ferdig med nissefamilien min,
(sjølv om far manglar og eg ser at eg burde ha strikka vottane og ....)

Eg har dessutan leita fram denne garnpakken
som eg kjøpte for 5-6 år sidan.
Det er mønster, garn og knappar til Kalvågjakka.
Eg begynte på den for mange år sidan, og var ferdig med brotet.
Trur det stoppa opp fordi eg var i tvil om størrelsen,
og fordi det tok utruleg med tid å nøste opp garnet.
Då eg kjøpte meg nøstemaskin for 1-2 år sidan,
gjekk nøstinga som ein leik.
No har eg strikka ferdig nesten to border av mønsteret.
Garnet er kamgarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Jakka er strikka i dobbel tråd (ein veldig tynn tråd og ein litt tjukkare).
Garnet er herleg å jobbe med, og det blir veldig fint, mjukt og lett.
Håper eg kan bli ferdig med denne i 2012!!

Eg har strikka eit par sokkar i Fabel etter eit mønster
eg fekk av Lappetausa.
.....Samtidig som eg høyrde denne lydboka.
No har eg begynt å lese Barnepiken.
Trur eg må vere ein av dei få som ikkje har lese den enno eller sett filmen.
***
Denne veka såg eg Møte med Margueritte på DVD.
Eg las boka Å telle duer i januar i fjor.
Ei sjarmerande lita bok.
Blogga om det her.
Gerald Depardieu spelar hovudrolla i filmen
og passar utruleg godt i rolla som Germain.
(Akkurat som han passar perfekt i dei andre rollene han har spelt!!)

08 januar 2012

Farvel til jula

Denne helga har eg rydda vekk jula.
Eg hadde bestemt meg for ikkje å pakke vekk
nissefamilien før den var heilt ferdig.
Før jul strikka og tova eg skjørt og bukse + to par tøflar.
***
Motivasjonen var ikkje på topp,
men no i helga tok eg meg saman og strikka
genser og sjal til nissejenta + tøflar til ho mor.
Så då anser eg meg som ferdig
med ein gammal UFO.
***
Vottane hoppa eg over..........

Nissekroppar og mønster: Fagstrikk
Garn: Pt 2

06 januar 2012

Årets første.....

Åretes første "finish" er eit herleg skjerf i Puno frå Rauma.
Mønsteret fann eg i Rauma alpakka 9.

Årets første bok på øyret er Bumerang.
Saras nøkkel høyrde eg i oktober.
Likte begge bøkene godt!
Årets første film/DVD.
Eg likte denne nyinnspelinga av Jane Eyre veldig godt.
Romantisk!
***
Årets første mønster kjøpt på Ravelry :D

02 januar 2012

Hobbyåret 2011

Hobbyåret 2011 starta med ein kraftig senebetennelse i høgre alboge.
Dette førte til at stitchery og hekling
blei hovudaktivitetane det første halvåret.
Eg hadde heilt dilla på å hekle sjal ei stund,
men blei kurert til slutt.
Her er dei fleste av dei pluss to halsar.
Om sommaren likar eg å jobbe med bomullsgarn,
så då det blei hekla ein del andre småting.
Etter eit halvt år var eg heilt fin igjen i albogen,
og det blei strikking av småplagg igjen.

Eg fekk sydd nokre småting også i år.
Det eg er mest nøgd med sjølv er
denne duken eller bakstekledet,

og dei fire trekantveskene som eg sydde
etter Vanella sitt mønster.
Når det gjeld strikking er eg mest nøgd med
kalendaren som eg strikka i november.
***
Dette er tre av dei beste bøkene eg las i 2011.
Alle tre er sterke bøker som etter mi meining er utruleg godt skrivne.
Skråning gjorde så sterkt inntrykk,
at eg måtte ha lesepause minst ein månad etterpå.

Godt nytt år!