
Denne veka har det blitt mykje jobb og lite strikking.
Men
litt strikking blir det alltid tid til...
Denne halsen tar berre nokre få timar å strikke.
Pinne nr. 10 og dobbelt garn.
Garnet heiter Puno Melange frå Rauma.
Halsen er strikka som eit rektangel ,
som er sydd saman på ein bestemt måte og bretta.
Enklare kan det ikkje bli.
Garnet er mjukt, varmt og herleg
(baby alpakka, ekstra fin merino og polyamid)
Har sydd på ein fin og eksklusiv handlaga perlemorsknapp.
Mønster på denne halsen fann eg i pt-design nr. 102.


Litt epla-handel har det også blitt.
Kjøpte dette lekre merino-sokkegarnet frå
denne eplabutikken.

Sidan vi bur på vinterskyggesida,
er det like før vi misser sola for vinteren.
Då har vi fem sollause månader å sjå fram til.
Ikkje nokon kjekk tanke,
men det blir ein vane.
Har til gjengjeld sola lenge utover sommarkveldane.