01 oktober 2010

Hals i Puno

Denne veka har det blitt mykje jobb og lite strikking.
Men litt strikking blir det alltid tid til...
Denne halsen tar berre nokre få timar å strikke.
Pinne nr. 10 og dobbelt garn.
Garnet heiter Puno Melange frå Rauma.
Halsen er strikka som eit rektangel ,
som er sydd saman på ein bestemt måte og bretta.
Enklare kan det ikkje bli.
Garnet er mjukt, varmt og herleg
(baby alpakka, ekstra fin merino og polyamid)
Har sydd på ein fin og eksklusiv handlaga perlemorsknapp.
Mønster på denne halsen fann eg i pt-design nr. 102.

Litt epla-handel har det også blitt.
Kjøpte dette lekre merino-sokkegarnet frå denne eplabutikken.
Sidan vi bur på vinterskyggesida,
er det like før vi misser sola for vinteren.
Då har vi fem sollause månader å sjå fram til.
Ikkje nokon kjekk tanke,
men det blir ein vane.
Har til gjengjeld sola lenge utover sommarkveldane.

5 kommentarer:

Synnøve Olava sa...

Kjempeflott hals... :O)
Kjekt med sånt tykt garn som går fort unna på strikkepinnene... :O)

God helg!

solveig sa...

De bur veldig idyllisk til! Fin hals! Ser no at det er modene med store "holete" skjerf to gongar rundt hovudet.

Hildegard sa...

Fin hals, det blir vel litt av kvart å få kjøpe i butikken din no fram til jul. Vakkert og vemodig foto frå elva. No kjem det vind, så då dett vel resten av frukta og blada av trea. Det har vore så fint ver at vi har fått følgt sola på "siste reis" for i år. Vi får satse på innekos, strikking og lesing.

Marit -Tusenfryd sa...

Ikke noe kjekt når sola forsvinner, nei!
Halsen var flott og knappen enda flottere.

LivM sa...

Deilig og varm hals, og knappen var jo nydelig.
Det ser ut til at du bor idyllisk til, men jeg skjønner at du kommer til å savne sola. Jeg er fra Ålesund, og jeg husker godt hvor leit det var når sola var borte fra den delen av byen der vi bodde.