20 august 2015

Retro/haustleg trekantpute

Det har blitt lite blogging på meg i sommar, 
sjølv om eg har strikka jamt og trutt.
Hekling har eg ikkje halde på med før no i august.
Plutseleg blei eg veldig motivert til å hekle 

Fargevalet er ganske impulsivt,
 og alt garnet er frå restekassa.
(Bortsett frå det lilla)
Eg har blanda superwash og ubehandla ull.
Dette var eit veldig kjekt prosjekt!!
Så eg kjem sikkert til å hekle etter dette mønsteret fleire gongar.
Då skal eg hekle litt fastare, for det blei litt "grese"  
etter at eg pressa inn innerputa på 45x45 cm.
Baksida.

Strikketøyet er sjølvsagt med på fjelltur!

3 kommentarer:

Elin sa...

Herlege bilete! Puta ser jo kjempefin ut i retrostil. Ser fram til fleire innlegg frå deg.

Ruths datter sa...

Så flott den ble. har kopiert oppskrifta jeg også, men ikke startet med den ennå.

Timotei sa...

Så fin pute! Både dekorativt og artig med det trekantmønsteret.