01 mai 2015

Retrobrikke

 Dette er favorittfargen min for tida. 
 Lys grønnblå og helst "støvete" som her.
Har hekla ei brikke i Pelini frå Pt.  Blanding av lin og bomull.  
Mønsteret, Retromotiv, er frå boka Putefest 
av Nina Granlund Sæter
 Der er det brukt til ei pute i kvitt og rosa. 
 Eg avslutta brikka då to nøster nesten var brukt opp.
Brukte krok nr. 3,5.

 Har begynt på eit restegarnpledd også.  
Restar av tynn alpakka pluss 
Fine wool frå Schachenmayr, kjøpt på tilbod.
Rutene er hekla med ein tråd av kvar kvalitet.  
Eg heklar dei saman etterkvart.

4 kommentarer:

Snuppesnella sa...

Fin brikke !
Teppet ditt blir flott ! Likar så godt veska di der ! :-)

solveig sa...

Nydelege fargar på pleddet!
Eg har akkurat kjøpt meg boka putefest. No fekk eg lyst å hekle smådukar ...

Timotei sa...

Ja, se der, kjekt å se at du også hekler med tykt garn :) Pelini har jeg hørt om, men ikke prøvd ennå. Synes det garnet jeg har brukt er vel tykt, får litt vondt i fingre og armledd av det, men artig med så raskt resultat. Fine prosjekt du holder på med nå og kjempefin veske du har!

Bodil sa...

Så mykje fint du heklar, og nydeleg kofte du har strikka deg og :)