23 mai 2015

Hekla løpar

 Har hekla ein løpar i Pelini frå Pt.
Fann mønster på denne i eit Pt (nr. 120) julehefte.
Kjekk, rask og enkel løpar, som eg sikkert kjem til å hekle fleire av.
 Men då skal eg hekle midtpartiet med ein mindre krok, 
slik at det blir fastare. 
 Brukte litt over 100 gram.


Har rekt opp og begynt på nytt på denne Fana-kofta.  
Første forsøk i L såg veldig stort ut, så no prøver eg M.  

God Pinse til de som ser innom her!

6 kommentarer:

solveig sa...

Flott løpar! Kofta er og svært fin.Strikkar du i Tumi?
Eles kan eg fortelje at modellen er ein tidlegare elev av meg.

Elin T. Grov sa...

Veldig kul løpar, litt utanom det vanlege!

Line Kristine sa...

Kjempefin løper! Kan jo tilpasses alle årstider og fargeønsker om man hekler den i forskjellige farger :)

Besta sa...

Kjekt å sjå alt det fine du heklar og strikkar. Eg strikka ein gong ei Fana-kofte til meg sjølv- den sleit eg ut. Somme mønster blir ein aldri lei av. Eg skulle ønske eg kunne strikke litt, eg også. Elles ser eg at du er glad i/ flink til åpynte opp rundt deg.

Eli sa...

Så fin løper :)

Birgitte sa...

Så fin løper! Den hadde en annerledes stil enn det man vanligvis ser på hekla duker - stilig :)