24 januar 2015

Skappelgenser

Det nye året startar godt med hensyn til å gjere ferdig uferdige prosjekt.  No har eg strikka ferdig ein Skappelgenser, som eg begynte på for eit eller to år sidan. Den er strikka i ein tråd Alpakka og ein tråd Silk Mohair frå Sandnes.  Alpakkagarnet hadde eg frå før, kjøpt på sal ein gong.  Eg tenkte at det ville bli for tjukt med Faerytale, når alpakkagarnet var tjukkare enn det som vanlegvis blei brukt til denne genseren. Difor blei det Silk Mohair.  Eg ville ikkje ha genseren så frykteleg oversized, så eg la opp nokre masker mindre enn mønsteret sa og strikka den på pinne nr. 6 i staden for 7. Undervegs mista eg trua på prosjektet og genseren blei liggande.  Trudde blant anna at den kom til å bli for liten.  Men den voks ganske mykje etter vask og blei ikkje så verst passeleg.  På grunn av at den vart ein del vidare etter vask, blei ermane ganske lange. Men eg trur ikkje eg gjer noko med det, førebels i alle fall. Dei kan brettast opp.  Eg blei fornøgd med vidda oppe på ermane.  Der auka eg ut slik at eg hadde seks masker meir enn det skulle vere etter mønsteret.

3 kommentarer:

Elin sa...

Du har hatt ein knallstart på året. Og så fine ting! Litt misunneleg..min Skappel havna i bosset, passa ikkje, og ikkje lett å rekkje opp.

Snuppesnella sa...

Bra du strikka den ferdig. Fin !
Her går det i Hverdagsjakke nr. 2. Kjekt å begynne øverst, som di Sinnasaujakke. :-)

solveig sa...

Fin genser i nydeleg farge!
Eg trur ein må bruke litt strikkeerfaring for å få passeleg Skappelgenser. Frøkna sin seig i halsen. Ein gong ho var ute og reiste, strikka eg hals som i brotet på den. Det hadde ho nekta meg, men då det var gjort, var ho godt nøgd, og genseren vart brukt igjen.