26 januar 2015

Lilla sjal



Viss ein ikkje har lyst eller orkar å strikke ein heil Skappelgenser,
kan det vere ein ide å strikke eit sjal eller skjerf.
Etter at genseren min var ferdig,
fann eg litt restegarn på loftet
 og strikka eit lite, mjukt sjal på rekordtid.
Hadde det ikkje vore for at eg blir litt dårleg i armar og skuldrar 
av å strikke for mykje med tjukke pinnar, 
skulle eg ha masseprodusert sånne, 
for der er nok av garn å ta av,
og sjalet blei heilt herleg :)
***
Under fotoseansen kom hunden vår, Max, 
og sette seg midt i vegen.
Han trudde visst det var noko spanande på gang ute ....

 Sjalet er strikka med to trådar saman.
 Eg har brukt Kitten Mohair i ulike fargar saman med ein tråd av 
eit silk/mohair garn som anten er frå Sandnes eller Rauma.
Pinne nr. 6.
Eg la opp tre masker. 
Auka ei maske innanfor dei tre ytterste maskene på kvar pinne.
Då blir det ein fin kant, synest eg.
Aukar altså berre i ei side på kvar omgang, 
og ved å plukke opp tråden mellom to masker og strikke den vridd rett.

5 kommentarer:

Britt-Unni Pedersen sa...

Nydelig sjal. Jeg har strikket 10 lignende sjal. Jeg strikker i Rauma Alpaca Silk med pinne nr 4. Det er mye lettere enn tykke pinner. 2 nøster
Nå strikker jeg i Kid Mohair (Plum) på pinne nr. 4 og det er helt pyton.
Neste sjel blir av Rauma alpaca silk

solveig sa...

Nydeleg sjal!
Eg har og kome fram til at tynne pinnar, gjerne med mønster slik at eg strikkar sakte, er det beste for kroppen. Eg fekk lyst til å prøve mønstret!

Siri sa...

Så deilig sjal! Jeg er enig med en over her at det å strikke med tynnere pinner er mye bedre for hendene. Tykke pinner er oppskrytt. HIlsen Siri

Timotei sa...

Det var et nydelig sjal i en herlig farge!

Hannesol sa...

Så deilig sjalet ser ut! Det var lurt å blande litt silke/mohair sammen med Kitten, takk for tips.
Staselig og vakker linselus du har :)