09 juli 2013

Engelsk papirsaum


Elin og eg har jobba med engelsk papirsaum
denne sommaren.
Vi bestilte startpakke frå Lappe Makeriet,
som inneheldt stoff og pappmalar.

Så langt var Elin komen på sin duk sist vi var i lag.

I kveld var eg på sytreff med to kollegaer,
som eg og syr saman med.
Ann Margret begynte etter oss,
 men er allereie ferdig med toppen.
Ho har brukt stoff frå det rikhaldige stofflageret sitt!
Eg er den som er komen mist langt,
bortsett frå Britt som ikkje er begynt enno, men har planar.
Her er nokre av mine stjerner. 
Eg har begynt å sy dei saman,
men får vise det ein annan dag.
 Slik såg stoffpakken min frå Lappe Makeriet ut.

1 kommentar:

Anne-Mettes Oaser sa...

Rigtig fine sommerduge, som du og Elin er i gang med. Stofferne er Trine-stoffer ;-). Trine har en skøn egen stil.