27 august 2012

Haustnytt

Har fått nøsta opp nytt garn og kjøpt nokre nye strikkeblad, så no skulle alt ligge til rette for avslappande stunder i haustmånedane som ligg framfor oss. Må berre gjere ferdig ein del halvferdige prosjekt først......

26 august 2012

Drop City

Har stikka eit lite Drop City-skjerf.
Brukte ca. 70 gram Fame Trend frå Marks & Kattens.


12 august 2012

Pyntesokker

Eg har gjort ferdig Pyntesokkane som eg begynte på i vår.
Hadde berre ein halv sokk igjen å strikke.
Det blei sikkert ein stopp på grunn av at
Rauma 3-tråds er litt tungt for meg å strikke med,
særleg på fem pinnar. 
Fann mønster på desse i LevLandlig
Seinare såg eg at eg har mønster på dei
 også i eit Raumagarn hefte.
Har ikkje strikka stjernemønster på hælane,
sjølv om det var prikken over i'en.

Og så har eg hekla eit par sekskanta gryteklutar.
Mønster i Tove Fevang si siste bok.
Dei er hekla med dobbel Mandarin Petit.

05 august 2012

Strikka gryteklutar

Denne veka har eg blant anna strikka ein gryteklut.
  Det er første gong eg har prøvd dominostrikk, ganske kjekt!
Men Mandarin Petit og pinne nr. 2, 5 blei litt treigt for meg
 (som er vant til å hekle, noko som går mykje fortare....),
så eg fann fort ut at denne grytekluten kom til å forbli singel.
Men den blei i alle fall tjukk og god, sidan den er dobbel.
Bakstykket er ei stor dominorute.
Mønster til dominogrytekluten fann eg i den nye boka til
Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar, BLÅTT.
Medan eg strikka på dominogrytekluten,
kom eg på at eg hadde ein annan gryteklut frå i fjor
liggande nesten ferdig på loftet. 
 Etter å ha leita meg igjennom 6-7 kasser med
 garn og uferdige prosjekt, fann eg den jammen.
Det var berre å felle av, sy saman oppe og nede
(den er strikka rundt på rundpinne slik at den er dobbel)
og hekle ein picotkant rundt. 
Denne er singel også, så no kan dei vere eit par............
I dag har vi hatt ein fin sommardag,
 men badetemperaturen lar vente på seg.
Desse to bildene er frå øya Cheung Chau, Hong Kong.
Vi hadde stopover to netter i Hong Kong på veg til Australia.
Ein kollega av meg som har budd eit år i byen,
anbefalte oss å ta ferje til denne øya viss vi ville bade og slappe av.
Minstemann fekk bade og kose seg saman
med dei innfødde på den fine sandstranda.
Temperaturen i lufta var ca. 28 grader, så det var heilt perfekt.
Godt å kome seg litt vekk frå folkemengda inne i byen.....

01 august 2012

Juliproduksjon

 Her er juliproduksjonen min i år.
 
På Rocks sunday market i Sydney,
 kjøpte eg eit hespe med handfarga alpakkagarn.
Garnet låg i ein papirpose med forslag til mønster. 
Det var raskt å strikke på pinne nr. 9.  Berre rette masker.
Veldig mjukt og godt!
Så hekla eg dette sjalet av Milk & Honey. 
Mønster:  Muffins halstørkle. 
Har hekla mange slike, men denne gongen
hekla eg ein pikot-kant rundt i ein kontrastfarge.
Har også begynt på ein duk som eg fann mønster på
i boka Løkker & masker- 100 norske hekleoppskrifter.