16 januar 2011

Bok nr. 4

Det går fortsatt i lesing her.
Det einaste som blir gjort av handarbeid er litt stitchery.
Eg går til behandling for nakke-og armplagene,
men det kjem nok til å ta litt tid.
I helga har eg lese denne vesle franske romanen,
som svigermora mi fekk i julegåve.
Den er på berre 218 lettleste sider.
Boka handlar om ein 45-år gamal mann
som bur i ei campingvogn i hagen til mora si.
I parken kor han brukar å sitte å telje duer,
blir han kjend med ei 86 år gamal dame.
Det oppstår eit spesielt vennskap mellom dei.
Den gamle dama begynner å lese bøker for han,
noko som gir han eit nytt perspektiv på livet.
Ei artig og god bok med ein fin og humorisisk tone!


5 kommentarer:

Silje sin blogg sa...

Den boken hørtes gøyal ut! Jeg anbefaler Potensgiverne, dersom du liker litt humor;)
Ellers misunner jeg deg ang lesingen, for jeg rekker sjelden å lese en bok! Rett før jul begynte jeg på isfolket. (for tredje gang) men er kun på bok nr 3!!! Det går så sakte med lesingen min. Men så skal det nevnes at jeg leser på senga, og er av den typen som sovner ekstremt fort!

strikkenor sa...

Den boka hørtes artig ut,-den trur eg at eg må lese. Eg har nettopp blitt ferdig å lese "Saras nøkkel",-ei utruleg spennende og gripende bok. Trur det er den beste eg har lest,-anbefales!

Elin sa...

Det er veldig bra at du har glede av å lese no når du må minisere på handarbeid, og eg misunner deg ikkje! Elles så får du no mange tips om gode bøker på diverse familiebloggar. Blomen i glaset er eit fantastisk bod om vår!!

Snuppesnella sa...

Den boka hørtes koseleg ut !
Skulle ønskt at eg kunne lese meir bøker, eg og.

Var uheldig i går og braut handleddet på glatten !

Vart gipsa, og det første eg spurde legen om var sjølsagt dette: Kan eg strikke ?
Ja, det kan du, var svaret. Eg heldt på å gi han ein klem. Hehe..

Eg var ikkje før komt heim, så var det fram med strikketøyet ! Jaja, går no på eit vis, men seint.

Kanskje eg burde finne ei bok..

Anonym sa...

Hei.Kos deg masse med boken.Nydelig blomst.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.