20 desember 2010

20. desember

Desse svanene har visst slått seg ned her hos oss.
Vi begynte å gje dei litt brød for nokre veker sidan,
og no kjem dei og skal ha mat både titt og ofte.
Dei er sangsvaner, og jammen kan dei gje lyd frå seg.
Eg har til og med vakna om natta av den "vakre" sangen deira.
Men dei er så flotte å sjå på når dei sym nedover elva.
Når dei skal gå på isen, er dei ikkje fullt så elegante!

4 kommentarer:

Besta sa...

Du får alliere deg med ein bakar eller venner og kjende, slik at du får hjelp til foringa. Dei et sikkert mykje, så store som dei er.
Men dei er veldig vakre."Svanesongen" har eg høyrt,ja,ikkje av den vakraste!

Elin sa...

Eg kjem og høyrer songen på onsdag. Fasinerande!

Anonym sa...

Hei.Nydelige bilder.Vakkert.Ønsker deg og dine en riktig God Jul.Klem fra Bodil.

Unknown sa...

Flotte bilder...
Om våren og høsten samles det mye svaner på vorma, en av elvenen som renner gjennom bygda hvor jeg bor. Det kan være flere hundre av dem..., de er skikkelig nydelig å se på og så flyr de i så flotte formasjoner... :O)

Ønsker deg en riktig God Jul og et kreativt godt nytt år... :O)

klem