17 november 2009

Juniors eplekake

I dag kom nr. 3 heim med ei halv eplekake som han hadde laga på skulekjøkkenet.
Ei hyggeleg overrasking i kvardagen....
Kaka var veldig god, sjølv om den var laga med vatn i staden for mjølk.
Han som skulle ha den andre halvdelen av kaka, har nemleg mjølkeallergi.

Her er oppskrifta:

100 gram margarin
1 dl. mjølk
2 egg
1 kopp sukker
3 dl mjøl
2 ts bakepulver
1-2 eple
sukker og kanel

Smelt margarin og ha i mjølka. La det koke opp (pass på). Avkjøl.
Lag eggedosis av egg og sukker.
Slå mjølkeblandinga i eggedosisen og sikt på mjøl.
Rør forsiktig til du har fått i alt mjølet.
Pynt med eple-båtar, kanel og sukker.
180 grader C i ca. 45 min.

4 kommentarer:

Besta sa...

Denne oppskrifta liknar veldig på den eg brukte på skulekjøkkenet i alle år. Kaka er saftig og god.Elles synest eg at koppemål er litt avlegs, for kor stor er ein kopp, liksom?

Anonym sa...

Hei.Så koselig når barna kommer hjem med noe godt.Den så virkelig god ut.Tusen takk for oppskriften.Ønsker deg en riktig fin Onsdag.Klem fra Bodil..

LeKaQuilt sa...

Den ser god ut - skal prøve oppskriften en dag. Eplekake er en stor favoritt, med vaniljeis :o)

solveig sa...

No fekk eg lyst på eplekake!
Eg og reagerer på koppemål. No er det fokus på matematikk i alle fag. Er han 9. klassing? Bruker dei ikkje "Nye frå bollar til burritos?"
Mjølkeallergi er ikkje til å spøke med. Dei må ha spesialmargarin og.