Eg har strikka ferdig desse fargerike vottane som eg begynte på i vinter ein gong. Det gjekk veldig fort på tjukke pinnar. Har brukt Heilo og Popcorn frå Dale. Mønter i hefte nr. 179. Eg tenket at eg ikkje skulle vere pingle, så eg tova dei på eit vanleg langtidsprogram i vaskemaskina saman med ei dongeribukse. Men då blei dei faktisk litt for små for meg, sjølv etter strekking og forming. Så då blir det nok julegåve i staden for.......
2 kommentarer:
Synd at dei blei for små! Kjenner du nokon med små hender? Nei, det er nok tryggast å tove i fleire omgongar...og dongeribukse er kanskje litt heavy ilagmed. Men fine blei dei!
Vottene er spreke! Flott garn du har brukt! Det gjør jo ingenting at de ble for små,nå er du jo allerede ferdig med en julegave også!
Legg inn en kommentar