26 juli 2007

Late dagar.....

I går var Lappetausa og eg på kosetur til Volda og Ørsta. Favorittbutikken vår der er Nettstrikk. Der er det mykje fint garn, flotte modellar og veldig god sørvis! Eg likte godt nokre lestar som var utstilt og til sals i butikken. Eg fekk kjøpt eit mønster og sette i gang straks eg kom heim. Hugsa etterkvart at å strikke lestar i stivt "gamaldags"- lestegarn ikkje er det beste for ryggen og skuldrane mine, så eg angra litt på garnvalet, men gode og varme blir dei nok!
Dette sjalet fanga og merksemda vår! Både Lappetausa og eg heiv oss på dette prosjektet i alpakka.

2 kommentarer:

Elin sa...

Så lurt at du tok bilde av sjalet! Det er ikkje så enkelt som det ser ut til, men det skal nok gå. Lestene blir kjempekoselege!

sipusa sa...

Og alpakka er jo bare deilig å strikke med også... god lukt....mmmm... flott sjal også, stilig med de stripene i hullmønster:-)