24 april 2007

UFO-teppe fram i lyset


Eg har hatt så lyst til å starte på eit restegarnteppe etter å ha studert diverse bloggar i det siste. Men kom så på dette teppet som eg starta på for mange år sidan! Mønsteret fann eg i boka "Sommergleder" av Grete G. Moe.

Teppet er strikka i Norsk Kunstvevgarn, spelsauull frå Hoelfeldt Lund. Eg har kjøpt garnet hos Eid Miljø. Har lagt opp 50 masker på pinne 4,5 mm og strikka ca. 50 riller til eit kvadrat. Meininga er at teppet skal ha ein stripete kant av restegarnet, for det går med litt mindre enn 50 gram til ei rute. Til slutt skal teppet tovast lett. Vel, no er det kome fram i lyset igjen og blir forhåpentlegvis fullført denne gongen. Det er ikkje sikkert eg lagar det like stor som i mønsteret........

2 kommentarer:

Anonym sa...

Guri kor fint dette blir da. No må du få det ferdig, ok? Blir så spennande når du skal tove det. Kanskje litt filting og?

[morgrethe] sa...

Dette var en fin blogg, så mye fint du har strikket og sydd. Lykke til med lappeteppe ;o)