04 april 2007

Inspirasjonsdag på Sandane

Tysdag var eg på besøk hos Lappetausa på Sandane. Kan anbefalast! Fyrst blei det litt shopping, sjølvsagt... I forhold til Eid er jo utvalet der heller dårleg når det gjeld stoff og garn, men det er alltid kjekt å kome til andre stader og sjå kva som finst! Eg fann eit garn som vi ikkje har på Eid, nemleg Popcorn frå Dale. Veldig spanande, berre ein svart tynn tråd med dottar i ulike fargar. Mange mogelegheitar her, og dei må sjølvsagt prøvast ut! Planen er å strikke vottar med dottar som skal tovast av det lilla garnet. Men det kan jo hende det heller blir ei tova veske, kven veit!
Her er ein meir forsiktig variant når det gjeld fargane. Dette skal bli eit skjerf. Det er allereie påbegynt og halvferdig! Ser veldig lovande ut. Sidan dette ikkje skal tovast vart det Falk i staden for Heilo.
Litt labbegarn blei det også.... Dette raggsokkgarnet frå Løve blei sterkt anbefalt av dama på butikken. Skal strikkast på tjukke pinnar, 4,5, var forslaget eg fekk. Garnet er veldig mjukt og dessutan nylonforsterka, så det skal vere veldig slitesterkt! Eg har strikka så mange labbepar med tynt garn og tynne pinnar, så no skal bli kjekt å prøve noko som går fort!
Etter handlinga, blei det middag og litt "jobbing" heime hos Elin. Her monterer eg påskepynten som eg har strikka. Måtte få litt hjelp av Elin med heklinga, sidan eg ikkje er så stø i det. Har tidlegare berre hekla luftmasker og stavar, dvs. oldemorsruter....Posted by Picasa

2 kommentarer:

Elin sa...

Ja, det var ein koseleg dag! Håpar på fleire slike. I dag prøver eg meg på Tilda, men er ikkje heilt overbevist om at dette er MEG, dvs. det er altfor mykje putl...Følg med, følg med!

Juliann sa...

Du har gjort storhandel i nabobyn du! Visste at du strikka, men no anar eg at du strikkar veldig mykje!!!