18 juni 2012

Gryteklutar

                       

No har eg endeleg fått fotografert gryteklutane
 som har vore ferdige ei stund.
Øvst to par "Ny stripet gryteklut" i Mandarin Naturell.
I midten "Gryteklut med små bobler" i PT-Helårsgarn og
nederst "Ny rutet gryteklut" i Vipe frå Dale.
Alle mønstrene frå boka
Hekling & hakking til kjøkkenet
 av Tove Fevang.
Når du først har begynt å hekle med Clover sine heklekrokar,
er det ikkje noko særleg å gå over til "vanlege krokar".
Prøvde Magda Imregh sin nettbutikk,
noko som var ei positiv oppleving.
I tilegg til eit koseleg og personleg kort,
fekk eg ei dukke med bomullsgarn
og eit gammalt heklemønster med på kjøpet.

06 juni 2012

Blåtur til Selje

 I går var eg på kjekk blåtur saman med
 Nordfjord Lappe & Quilteklubb.
Vi enda opp på Doktorgarden i Selje.
 Der venta Ati (som har flytta til Selje frå Nederland) på oss.
Ho viste fram og fortalde om quiltane sine. 
 Ati har sydd eit stort og flott teppe i teknikken Crazy-quilt. 
Heile teppet er nydeleg brodert for hand.
 
Etter "foredraget"  fekk vi herleg krema fiskesuppe,
 kaffi og sviskekake.
Bileta som er utstilt i kjellaren for tida, 
er alle måla av Finn Egil Eide.
 Det var høve til å sjå seg rundt i heile huset. 
På loftet var det overnattingsmogelegheiter.
Alle romma hadde sin stil og farge. 
Artig å sjå kva litt tekstilar kan gjere med eit rom!

03 juni 2012

Claudia scarf i Sky

 Skjerfet som er hekla av garnet frå headinga mi,
 er endeleg ferdig. 
Claudia scarf i Sky frå Du Store Alpakka. 
 4  25 grams nøster.   Krok nr. 3.
Sky er eit nydeleg garn, rett og slett!
Dette er tredje gang eg heklar etter dette mønsteretl.


31 mai 2012

Maritime gryteklutar og starten på eit sjal....

Eg har ikkje gitt opp dei rutete gryteklutane,
 viss nokon skulle tru det.....
 Måtte berre prøve meg på desse også. 
Synest dei er så artige. 
Mønster i den samme boka
(Hekling og hakking til kjøkkenet av T. Fevang). 
 Desse heiter Redningsbøye gryteklut
Eg har brukt Tuva frå Europris
 frå lageret mitt.  Det funka fint.
Krok nr. 3,5
Dessutan blei det handla litt garn i går. 
Var innom ein lokal garnbutikk. 
Der såg eg eit lekkert sommarsjal
som ein av eigarane av butikken hadde strikka. 
La opp 3 masker. 
Strikkar dei 3 ytterste i kvar ende rett heile tida.
  Elles rett og vrangt annnakvar omgang.
Aukar i begynnelsen av kvar pinne etter dei 3 første maskene
ved å ta opp tråden mellom maskene
 og strikke den vridd rett.
Pinne nr. 5,5.
To nøster er nok, ein av kvar.

26 mai 2012

Lita brikke i Muskat

 Det har blitt litt hekling ute i det nydelege
sommarveret vi har hatt denne veka. 
Brikka i Muskat frå Garnstudio er ferdig.
Det gjekk med litt over 100 gram til den. 
 Mønsteret fann eg i boka
Hekling og hakking til kjøkkenet av Tove Fevang.
Her er Tove F. si brikke.

No har eg begynt på desse gryteklutane
frå den samme boka.
Dette er første gongen eg heklar mønster
med to fargar på ein gong.
Kjekt å lære dette!
Mønsteret har forfattarene henta frå Kvinner og Klær, 1940.

Eg heklar mine i Vipe,
eit nytt merserisert bomullsgarn frå Dale.
I mønsteret er det brukt Muskat,
men det er litt tungt for meg å jobbe med for tida. 
Dessutan deler det seg veldig. 
Må gjere om mange av maskene for å få med alle trådane. 
 Men eg har ein del av dette garnet på lager,
så det blir nok nokre gryteklutar i det også etter kvart.

24 mai 2012

Ny bok i posten i dag!

I dag fekk eg endeleg den nye hekleboka
 til Tove Fevang frå Hobbybokklubben.
Boka inneheld flotte mønster på
gryteklutar og brikker til kjøkkenet. 
 Dei fleste er hekla og nokre er hakka,  
Veldig fin og lærerik bok!
 Eg hadde sjølvsagt nokre bøker av Tove F. frå før av.
Allsidig og flink dame!
 Sidan eg er i sikksakk modus for tida,
starta eg med denne brikka i
 Muskat frå garnlageret.

18 mai 2012

Fire Flower og ei koseleg utfordring

FireFlower 
Endeleg (etter ein god del masing..)
har eg gjort ferdig FireFlower frå Super Mario.
Så kald som denne våren har vore,
er det kanskje ikkje så dumt med blomstrar av ull......
Mønsteret på Fire Flower fann eg her
Tidlegare har eg hekla Kong Bø. 
Den har Minstemann hatt mykje glede av i mange år!

Frå Felisia har eg fått denne utfordinga:
Each tagged person mus answer the 11 questions given to them by their "tagger! and post it in their blog.
- Then, choose 11 new people to tag and link them in your post.
- Create 11 new questions for the people you tag to answer
- Go to their page and tell them they've been tagged!
- Do not tag back to the person who has already tagged you.


Felisia sine spørsmål:
1. Strikker du helst i ull eller bomull?
Eg strikkar helst i ull/alpakka, men sommarmånedane strikkar eg kanskje mest i bomull.
2. Sjokolade, lakris eller potetgull?
Sjokolade.
3. Hva er din favorittfarge?
 Og strikker du i samme farger som klesskapet ditt inneholder?
Favorittfargen min er brun, men eg likar også veldig godt grått, mørkeblått ,mørkeraudt og lilla.
Ja, eg strikkar i dei samme fargane som klesskapet inneheld.
4. Hvilken årstid liker du best?
Eg likar best sommaren.  Sol og varme.  På andreplass kjem hausten.  Eg elskar fargane og lyset om hausten.
5. Produserer du ufoer eller har du ett prosjekt av gangen?
Eg har alltid veldig mange prosjekt på gang.  Er ikkje så streng med meg sjølv når det gjeld å halde meg til eit arbeid eller fullføre alt eg begynner på.  Eg trur det fremjar kreativiteten, men det kan også vere ein stressfaktor.
6. Hytte ved sjøen eller hytte på fjellet?
Vi har eit sel på ei seter ca. 430 moh.  Elles bur vi landleg til ved ei elv vi kan både bade og fiske i, så vi har ikkje hatt behov for anna hytte.  Viss eg skulle ha valgt, ville eg ha hatt ei hytte ved sjøen.
7. Hva strikker du mest av, plagg eller tilbehør?
Eg strikkar mest tilbehør.  Likar å bli fort ferdig.
8. Hva ville du absolutt ikke kalt barna dine?
Det var vanskeleg.  Eg har unngått dei mest populære motenamna og ville heller ikkje valgt for spesielle namn på barna mine. 
9. Hva er din yndlingsrett, og liker du å lage mat?
Eg er ikkje spesielt glad i å lage mat.  Eg er flinkast til å lage pizza, så det lagar eg kvar laurdag.  Favorittretten er kanskje biff med fløtegratinerte poteter. 
10. Har du et spesielt talent som få vet om?
Eg har nok ingen spesielle talent. 
11. Liker du best å strikke med tykt eller tynt garn?
Eg toler ikkje så godt å strikke med tjukt garn pga. armane, skuldrane osv.  Så det blir mest tynt garn på pinne nr. 2,5 til 3,5. 

Mine 11 spørsmål:
1.  Kva er favorittgarnet ditt og kvifor?
2.  Handlar du mest garn på nettet eller hos din lokale garnbutikk?
3.  Har du eit stort garnlager?
4.  Kjøper du garn på impuls, eller planlegg du kva du skal lage først?
5.  Kva er ditt favorittreisemål?
6.  Strikkar du helst til deg sjølv eller til andre?
7.  Kva hobbybok har du hatt mest glede av?
8.  Favorittdesigner?
9.  Kaffi eller te?
10.  Film eller bok?
11.  Kva for bloggar er du innom kvar dag?

Utfordringa går til desse kjekke bloggane:  Lappetausa, Olavas verden, Leei sin blogg, Anne-Mettes Oaser, Ronille, Elisabeths verden, Timotei, Strikk og tøys, Snuppesnella si fritid, Med pinner, Monai sin blogg  Ta den viss du har lyst og tid :D

10 mai 2012

Sommarlege lappar

Eg har begynt på enno eit hekla lappeteppe..... 
Synest dette teppet er så fint. 
Mønsteret står blant anna i boka
Blomane heklar eg av diverse rosa/lilla garn eg har på lager
som til dømes Finull og Daletta
Heklar rundt blomane i offwhite og lysgrå Finull,
sidan den lysegrå fargen ikkje finst i Daletta.

30 april 2012

Sikk sakk- mønster

Babyteppe nr. to av diverse restar i babyull er ferdig.
Det går fort å hekle desse små teppene
 med dobbelt garn og tjukk krok.
***
Litt meir tid tar det å hekle eit sofapledd.
Likevel har eg starta på ikkje mindre enn to.
Her er det eine som er i lilla og gråtonar.
Vi er tre på jobben no som har begynt
 å hekle pledd i Daletta frå Dale.  
Eit lett og fint ullgarn. 
 Litt få fargar å velje mellom,
 men elles eit supert garn til eit sånt prosjekt.
***
Eg har litt problem med kameraet mitt for tida.
Det er ute av stille, så bildet er ikkje så bra.
Viss fleire har lyst til å bli med,
kjem eit enkelt mønster her.
Sikksakk-pledd:
Legg opp ca. 235 luftmasker på krok nr. 5.
Du får nokre masker til overs,
men dei kan enkelt rekkjast opp etterpå.
Gå over til å bruke krok nr. 3,5 eller 4
alt etter om du heklar laust eller fast.
Hekle 1 stav i fjerde luftmaske frå kroken. 
Hekle 10 stavar til i dei komande 10 lm.
Du skal ha 12 stavar i kvar ende av pleddet,
og 11 lm mellom kvar felling/auking.
(Dei tre første luftmaskene tel som ein stav).
Hopp over to luftmasker og hekle 11 stavar i dei komande 11 lm.
Hekle 2 luftmasker og 1stav til i den samme lm
 som den siste av dei 11.
Hekle 10 lm i dei komande 10 luftmaskene.
Hald fram på denne måten til du har
19 fellingar og aukingar til saman og
10 spissar nedover.
Avslutt med 1 ekstra stav i lm nr. 11.
Snu med tre lm.
Variasjon:
På det eine pleddet mitt heklar eg 10 lm mellom
kvar felling/auking.
Då får du 11 spissar.
Pleddet blir ca. 115 cm i breidda.

19 april 2012

Mitt første Multnomah

Endeleg har eg prøvd dette mønsteret .
 Veldig enkelt og kjekt å strikke,
 så dette kjem eg heilt sikkert til å strikke fleire av! 
  Mitt Multnomah er strikka i Inca-alpakka frå Rauma.
Det veg ca 90 gram. 
Inca loar ganske mykje medan du strikkar,
men er veldig godt i bruk.
Vår :D
Garnstatus hittil i april:
Garn brukt: 400 gram.
Garn kjøpt:  300 gram.

15 april 2012

Ok, ok ... her kjem godbitane.....

Tur til Moa/ Ålesund

I går vart eg med søstra mi til Ålesund 
for å besøke nevøen min som studerar der.
Det blei sjølvsagt litt shopping og.....
Var blant anna innom Lappestua på Moa,
som har hatt ein skikkeleg ansiktsløftning 
sidan sist eg var der (mai i fjor).
Lunsj må til!

12 april 2012

Uhu, uhu....

 Ideen til desse uglene fann eg på bloggen til Den Gode Feen.
Flott prosjekt for elevane mine i kunst og handverk 
som nettopp har lært å strikke.
Eg koste meg faktisk eg og då eg laga desse modellane, 
så dette kan vere kjekt for barn i alle aldrar!
 

11 april 2012

Nytt teppe og torsk til middag i morgon ..............


 Sidan der er meir garn igjen i babyull-kassa, 
og det var veldig kjekt å hekle sikksakk,
har eg begynt på eit nytt lite teppe. 
 
 Eg heklar fortsatt med dobbelt garn og krok nr. 5.

Minstemann har vore på fisketur med pappaen i kveld,
og han fekk denne fine torsken på stang frå land!