30 juni 2016

Juni

Det har vore liten aktivitet på bloggen min 
denne våren/sommaren.  
Juni, min favorittmånad, er snart over,
så det hastar med ei lita oppdatering.
I år har vi halde på med ein del
 oppussing og opprydding i heimen.
Vi har budd i dette huset i snart tretti år,
og no var det på tide å pusse opp badet.  
I tillegg har vi malt loftstova,
og nokre møblar.
Vi har og ommøblert og laga oss spisestove.
Det blir mykje rot undervegs,
og eg har vore lite inspirert til blogging.
 Men det blir no alltids tid til litt handarbeid.
Eg har hekla nesten ferdig to tepper av denne typen.
Det er v-masker og ganske enkelt og raskt å hekle.
Skal komme tilbake med fleire bilde seinare,
 når dei er heilt ferdige.
Eg har brukt single nøster og restegarn.
Av dei minste restane heklar eg sirklar,
som skal bli til kvadrat.  
Mønster på bloggen til Solstrikke.
 Løparen under har eg sydd etter eit mønster i 
Quiltemagasinet.  
Blokkene i midten er sydd på papir.
Det var nytt for meg,
så eg gjorde feil og blokkene blei
mindre enn dei eigentleg skulle bli.
Denne boka anbefaler eg viss ein vil lære seg å rydde,
eller treng inspirasjon.  

 I begynnelsen av juni var vi ein tur til koselege Alcudia på Mallorca.  

Denne karen stiller ikkje lenger så velvillig opp når mor vil fotografere.
Mykje kjekkare når fotografen er profesjonell  
(i tillegg til søt, spansk senorita).


3 kommentarer:

solveig sa...

Den bok kunne nok fleire trenge ...
Du er flink å hekle - og sy!

Vi har pussa opp bada her, og meir står for tur.
Det er kjekt, men ein føler ein lever i støv og rot...

Hildegard sa...

Mykje fint arbeid og vakkert bilde av yngstemann, Henning, som snart er vaksen kar, han også.
Eidabesta

Snuppesnella sa...

Du lagar mykje fint ! Blir spennande å
sjå sluttresultatet på teppet. :-)
Fine fargar !