17 februar 2016

Veggteppe

 Eg har vinterferie denne veka og ferierar heime.
Det betyr at ein får gjort litt av kvart,
 i tilegg til å slappe av.
Dette vesle veggteppet har eg jobba med ei stund,
 og no er det endeleg heilt ferdig. 
 Nest eldste sønn kjøpte seg hus for eit år sidan,
og han spurde om eg ville sy eit lite teppe 
til å dekke over sikringskapet i gangen. 
 Det hadde ingen hast, for han måtte male og pusse opp litt.
Gangen er malt (for lenge sidan) i ein gråblå farge, 
så forhåpentlegvis vil dette passe i fargane.
Det var vanskeleg å få eit godt bilde i dag.
Men får ta eit betre når teppet er på plass der det skal henge.
***
Teppet er sydd av ein ferdigpakke med passeleg store kvadrat
 til den minste twisterlinjalen.
 Elles har vi passa pusen til den same sønnen nokre dagar.
Det er veldig spanande for Max.  
Dei er ikkje akkurat bestevenner, 
men går ganske godt i lag.
Max ser etter pappa og Kornelius på fuglelivet på elva.

4 kommentarer:

Besta sa...

Margrete kjøpte eit "lappeteppe" av ei dame ho kjenner til å dekke sikringsskapet med-det funkar fine. Koselige og fine bilde du legg ut, og så harmonisk med både katt og hund!

Hildegard sa...

Kjekt blogginnlegg!
mamsen

Eli Kristin Magnussen sa...

Så flott veggbilde!

Koselige bilder av vovs og pus, he-he. Ser ut som de respekterer hverandre iallfall, gode venner eller ei :))

Mye flott strikk lager du også. Fikk plutselig noen flere strikkeplaner på den laaange strikkelista. Takk for inspirasjon :D God helg!

Birgitte sa...

Det var et kjekt ønske av sønnen! Teppet ble fint!
Koselig med ekstra besøk :)