26 desember 2015

Juledagar

Eg hadde ein god strikkeperiode i haust 
og fekk gjort ferdig ein del uferdige større prosjekt.  
Eit av dei var denne "Nordkapp"-kofta, 
som eg begynte på i 2013.  
Den blei dessverre altfor lita til meg, 
så då hadde eg plutseleg ei julegåve til ei ung dame.
      
Kofta er strikka i Smart frå Sandnesgarn.
  Det garnet er for tungt for meg å strikke med, 
noko som er grunnen til at det har tatt så lang tid å få den ferdig.
Eg har lyst til å strikke den igjen til meg sjølv,
men då kjem eg eventuelt til å bruke alpakka i staden for Smart.
  

 Etter at eg var ferdig med kofta, blei det fram med heklekroken. 
 Dette pleddet begynte eg på i september,
 og det var enkelt og avslappande å jobbe med.
Pleddet blei også julegåve, 
sidan det har begynt å hope seg opp med heklapledd her heime.
Mønsteret er Granny stripes, Attic 24.
Garnet er Daletta frå Dale.


6 kommentarer:

solveig sa...

Flott kufte! Eg og har brent meg på garn. Den første Wiolakufta mi i Peer Gynt vart stiv. Den andre som eg strikka i alpakka vart eg godt nøgd med. Fortsatt god jul!

Birgitte sa...

Kofta ble kjempefin! Godt at du hadde en annen mottaker, slik at det fine plagget får vist seg frem :) Teppene dine er alltid så fine og forseggjorte - her viser du frem nok et eksemplar!
Nissene ser så gode og snille ut, koselig julepynt :) Ønsker deg en fin romjul!

Elin T. Grov sa...

Eg håpar den unge dama sette pris på den fine kofta! Sjølv blei eg glad for varmt sjal!

Lisbeth Severinsen sa...

Åå den koften er så fin !

Hildegard sa...

Takk for herleg hekla teppe som var julegåve til barndomsheimen!

Edny sine puslerier sa...

Kjempefine ting, -både kofte, teppe og nisser. Håndlaget er best.