09 oktober 2015

Samsying i haustferien

 Det blei litt sying i dag også.
Her er resultatet av samsyinga
Elin og eg har hatt i to dagar.
Ikkje verst (for å vere oss i alle fall..),
å få to ferdige produkt kvar.
Begge desse tinga har vi hatt lyst til å sy ei stund.

 I dag sydde vi What's in your bag?  
Eit mønster frå Stitchin' Sisters.

Ein kjekk liten sak til oppbevaring av diverse.
Vi lærte litt undervegs her.

1 kommentar:

Besta sa...

De er så flinke både du og Elin. Det må vere kjekt å vere så dyktige og kreative innafor alt handarbeid. Handarbeid, som det heitte den tida eg gjekk på skulen, var mitt verste fag-og er det enno. Eg får angst når eg ser symaskina, men eg kan strikke.
Kjekt å sjå dei fine tinga de lagar.