11 april 2015

Lev Landlig-koften


 Lev Landlig-koften er ferdig!!
  Eg var flink til å halde meg til dette prosjektet,
 og kofta blei ferdig forbausande fort for å vere meg.  
I bladet er den strikka i Tove frå Sandnes. 
 Det fekk eg ikkje tak i her eg bur, så eg strikka mi i Pt2. 
Eg plukka ut fargar som eg syntest likna på fargane i bladet.  
Trur ikkje det blei så veldig ulikt. 
 Eg strikka den ein størrelse mindre enn eg brukar,
 og det var bra, for den blei meir enn stor nok.
Det var uvant og treigt å strikke stjerneborda
med tre fargar på kvar omgang,
men då den var ferdig, gjekk resten fort og greit.
Jakka er strikka ovanfrå og ned.
Det er mykje betre for muskulaturen
 å strikke med ull som ikkje er superwashbehandla!
Har vaska den i vaskemaskin (ullvask 30 grader),
og det gjekk heilt fint.

11 kommentarer:

Elin T. Grov sa...

Jakka di blei kjempefin. Kjekt med lysare fargar!

Olajda sa...

Kjempefin ☺

solveig sa...

Kjempefin kofte!

Hildegard sa...

Nydeleg jakke!

Lisbeth Severinsen sa...

Nydelige farger til deg.

Snuppesnella sa...

Åååå så fin då ! Du kledde den godt !
Kjekt å strikke ovanfrå og ned.

Birgitte sa...

Koften din ble kjempefin!!

Hege sa...

Kjempefin kofte!!

Timotei sa...

Oi, så fin kofte og kjempefin på deg :) Skulle så gjerne ha strikket meg en kofte jeg også, men jeg gruer meg sånn til monteringa..

Norlaug Søvik sa...

Den var nydelig Hilde. Du må ta den på på jobb en dag !

BrittB sa...

Nydelig kofte, så flott fargekombinasjon!