07 desember 2014

7. desember

 Det var freistande å ta ein kviledag frå blogging i dag,
Denne helga har det vore både julebord og bursdagsfeiring.
I tillegg er eg, som så mange andre for tida, forkjøla.
Men eg kan ikkje gje opp adventskalendaren så lett... 
Difor eit lite innlegg heilt på slutten av dagen.
 Her er søster A. sin Aftur-genser. 
 Mønsteret er frå boka Islandsk strikk.  
Det finst også gratis på nettet.  
Genseren er strikka i Lettlopi
av modellen sjølv.

Ingen kommentarer: