01 november 2014

Babystrikk

Har fullført nokre fleire uferdige objekt.
Dette er Kjole til lillesøster  eller Little Sister's Dress 
av Tora Frøseth.
Gratismønster finst på både norsk, engelsk og fransk.
Link her.
Denne er strikka i Dale babyull.  Str. 6 mnd.
 Og så ein guttevest.
Det erViggos vest
av Lene Holme Samsøe.
Eg har strikka vesten i Mini Alpakka frå Sandnesgarn.
Synest garnet er veldig hårete, 
så kor godt det eignar seg til ein baby veit eg ikkje heilt.  
Viss eg skal strikke vesten igjen, skal eg i alle fall bruke eit anna garn.
Alpakka var ikkje så vanleg å bruke då mine barn var små,
så eg har ikkje så mykje erfaring med det til babyar....
 Fotomodell er pingvinen Olav,
 som blei med oss heim frå Akvariet i Bergen i haustferien.

Mønsteret er frå denne fine strikkeboka/strikkeheftet.

3 kommentarer:

Elin sa...

Det rykkjer i strikkearmen når eg ser slike små søte plagg! Berre hald fram du!

Tesha sa...

Det er alltid kjekt å få fullført prosjektene sine, noen tar lengre tid enn andre før de får den siste finish'en. Fine, anvendelige ting, både kjolen og vesten! God helg!

Birgitte sa...

Kjekt å få ferdig slike ufoer! Fine strikka småplagg:)