03 mars 2013

Brennende Kjærlighet Votter

I slutten av januar meldte eg meg inn i Projo sin vottealong på facebook.
Eg er eigentleg ikkje noko along-menneske, så dette er min første strikkealong på nettet.
Eg kan ikkje ha noko press over meg når det gjeld strikking.  Er ofte dårleg i muskulaturen og må gjere det som eg klarer der og då.  Av og til er det hekling som fungerer og andre tider strikking.  Det kan plutseleg bli stopp i å strikke på fem pinnar.  Av og til er det best med tynne pinnar og av og til tjukke. På denne måten blir det mange halvferdige prosjekt rundt om kring.  Men dei fleste småprosjekta blir ferdige til slutt.  Strikkelysta og engasjementet er på topp, og eg har ikkje fått forbod av kiropraktoren min :D
Dette er januarvottane i Strikkealongen.  Det er eit mønster av Jorid Lindvik og vottane er strikka i Finull frå lageret mitt.  Vottane tova eg for hand i grønnsåpe.  Kankje dei må ha ei runde i vaskemaskina og, får sjå.
Denne nydelege buketten fekk mannen min for å ha jobba 25 år i samme firma.  Muggen kjøpte eg av Ingun på Primula i fjor sommar!                              

Takk for dei positive kommentarane på restegarnteppet mitt.  Så kjekt at så mange likte det!!

11 kommentarer:

Siri sa...

Så flotte votter, og mye annet fint lengre ned her:-)

Besta sa...

Fine vottar ! Eg har strikka nokre vottepar for toving. Det går fint å tove for hand, då har ein full kontroll. Som regel går det bra i vaskemaskin også. Du er flink både å strikke og hekle. så det er synd at du ikkje kan halde på så mykje du vil.

Hellen Sigurbjörg sa...

Veldig fine votter! Teppet nedenfor er også fint, så artig å bruke opp rester! Ha en god uke!

Elin sa...

Desse vottane har eg prøvd PÅ, og kan gå god for at dei er supergode. Strikk fleire.. Fine til gjebuspresangar, sjølv for sommarbarn..

Kort og Søm sa...

Så fine votter du har strikket :O)
klem Fredrikke

BrittB sa...

Flotte votter du har strikka!
Og de tulipanene...og vasen..- nydelig! :-)

Anne-Mettes Oaser sa...

Flotte vanter og især er jeg vild med det lange skaft.
En skøn forårsbuket som kan lyse op i de til tider mørke dage :-).

Solveig sa...

Kjempefine votter. De blir nok ekstra gode og varme siden de er tovet litt. Hekleteppet dit var aldeles nydelig - skulle ikke tro det var bare restegarn.

Svalen sa...

Nydelige votter!
De ser ut til å gå godt oppover ermene, noe som jeg i alle fall synes er en fordel.

Snuppesnella sa...

Hei !

Er litt på gyngande grunn...men synest å huske at du
la ut oppskrift i bloggen din på ei ugle. Den var kjekk
å bruke for unge som skulle lære seg å strikke. Den var strikka i riller med brunt og off white farge.
Stemmer ikkje det ?
Eg har bladd fleire år tilbake hos deg, utan resultat.
Kan du hjelpe ?

Snuppesnella sa...

Hei igjen.

Hurra eg fann den i 2012 hos deg !!!
Tusen takk ! Genialt !!!