22 september 2012

Varmt til halsen

Eg har fullført nokre småprosjekt, 
 og i dag passa det fint å ha fotoseanse ute i det
nydelege haustveret.
Dette skjerfet begynte eg på for nesten eit år sidan.
No er det endeleg ferdig.
Tynt, mjukt og lekkert!
Det er strikka i Alpaca Silk frå Rauma.


Denne halsen er strikka i eit av favorittgarna mine
Faerytale frå DSA.
Eg likar godt mønstrene til Marte Helgetun.  
Dei er enkle men utruleg fine og praktiske!
Fargen er gråbrun.
Eg sjekka strikkefastheten min etter å ha strikka eit stykke,
 og fann ut at halsen blei litt for vid. 
 Difor felte eg først fire masker og litt seinare to masker til 
for å få rette måla.  
Skulle sikkert ha gått ned ein halv str. på rundpinnen, 
slik eg ofte må....


                                                        Dette er ein skikkeleg hausthals.
Den er strikka i Drops Delight.

             Dette sjalet er hekla i Tynn alpakka frå DSA.
Det var raskt å hekle, 
men det tok mykje tid å klippe opp og feste på frynsene ....

               

10 september 2012

Riga

På jobben til mannen min er dei flinke til å arrangere turar og sosiale samankomstar. Denne helga var dei som hadde høve til det (+ følge) i Riga. Vi hadde ein veldig kjekk tur! Her er hobbybildene mine frå turen. Fann ein fin butikk som også selde litt garn.  Betalte ca. 200 kr. for desse 12 100 grams nøstene.  Garnet liknar på Kauni.

03 september 2012

Hitchhiker

Eg har strikka mitt første Hitchhiker- skjerf. Bloggar frå i-Paden for tida og har ikkje lært meg å lage link. Men dei fleste som er på Ravelry kjenner vel godt til dette populære skjerfet og har strikka både eit og to.... Kjem nok til å strikke fleire eg også. Kjekt mønster! Mitt er strikka av 100 gram Fantasy frå Sandnes.  Dette  garnet skal visst gå ut no, og er difor på sal.