31 mars 2012

Småting i bomull

Denne veka har eg tatt fram den store kassa mi med bomullsgarn.....
Minstemann hadde besøk av klassemaskoten LilleB ein dag.
Medan Minstemann gjorde lekser og skreiv i LilleB-boka,
hekla eg eit lite påskeskjerf til den søte apen :D

Så har eg bladd litt i hobbybøkene mine.
Blei inspirert til å strikke ein gryteklut
som eg fann mønster på i Brukt på nytt av Kathrine Gregersen.
Ei veldig kjekk bok som eg har brukt mykje.
Grytekluten er strikka dobbel på rundpinne nr. 4,5
med to trådar Mandarin Petit.
Til slutt hekla eg ein kant rundt.
Den blei tjukk og god!
Her er ei anna kjekk bok som eg har høyrt som digi-bok.
Veldig god, synest eg.
Og eg er visst ikkje åleine,
sidan dette er den største boksuksessen i Japan nokonsinne.
Gler meg til å høyre bok nr. 2 og 3 også!

28 mars 2012

Trekanta sjal

Har hekla nok eit trekantsjal av denne typen.
Denne gongen i Faerytail frå DSA.
Dette garnet er berre herleg!
Brukte akkurat to nøster og heklekrok nr. 6.
Fargen på dette sjalet er nydeleg, lys gråblå!

23 mars 2012

"Hverdags-luer"

Denne hua fann eg mønster på i boka
Strikk luer*votter*sokker av Ann Mari Nilsson.
Den er strikka i Hverdags frå Du Store Alpakka, dobbel tråd.
Den blei sånn ca. S/M i str.
Vurderer å strikke ei til med ein tråd Sterk og ein tråd Hverdags...
Likte veldig godt mønsteret og modellen.

Denne hua fall eg for med det samme eg såg mønsteret på Ravelry.
Hua heiter Season Hat og er designa av Jared Flood,
også kjend som Brooklyn Tweed.
Noko som passar godt sidan eg "samtidig" las boka
Brooklyn av den irske forfattaren Colm Toibin.
I denne romanen er der faktisk ein prest som heiter fader Flood....
Vel, også denne hua har eg strikka i Hverdags frå DSA.
Skulle gjerne likt å strikke den i originalgarnet,
Brooklyn Tweed Loft.

19 mars 2012

Sjal og hue

Det går i raske og enkle småplagg for tida....
Har strikka ei hue i Easy frå Sandnesgarn.
Den er strikka etter eit gratismønster
som finst på Sandnes si nettside her.
(Kit nr. 21)
Og så har eg hekla eit trekantsjal av Kauni-garnet
som eg viste fram i forrige innlegg.
160 gram var akkurat nok til eit lite sjal av denne typen.

Prøver å blåse litt liv i eplabutikken min,
og sender sjalet over dit.

10 mars 2012

Claudia scarf

Eg har hekla eit skjerf i Alpaca silk frå Viking.
Mønsteret heilter Claudia scarf,
og dette er det andre eg skjerfet eg heklar av denne typen.
Brukte fire nøster.
Eg synest dette skjerfet klør litt,
og det synest også andre som har prøvd det.
Men håper det gir seg litt i bruk....

Eg var ein snartur til Volda i dag,
og då blei det handla litt meir garn.
Inca alpakka frå Rauma,
er kanskje det alpakkagarnet eg likar aller best i bruk.
Og så eit nøste med Kauni som eg ikkje har prøvd før.

08 mars 2012

8. mars

Vanlegvis når eg tar bilde av svanane "våra", sym dei på elva.
Det er også der vi forar dei.

Mot slutten av sesongen trekkjer dei ofte opp på markene
bak huset vårt for å gresse.
Så for ein gongs skuld viser eg fram "baksida".
Minstemann prøver å fordele maten slik at alle skal få,
men det er ikkje alltid så enkelt.
Ikkje alle unner andre mat,
og det kan bli ein del krangling og biting...
Luer på om det er hannane som sjefar over hoene???
Håper de har hatt ein fin 8. mars damer :D

03 mars 2012

10 år gamal Ufo

I vinterferien begynte eg å sy saman desse strikka lappane
som eg har hatt liggande i snart ti år,
og no er teppet omsider ferdig!!Teppet er strikka i 100% spælsau-ull frå Norsk Kunstvevgarn AS.
Meininga var at det skulle bli ein del større, dvs. 30 lappar.
Men eg fann ut at det trass alt var betre at det blei eit lite teppe,
enn at det berre låg der uferdig.
Teppet blei faktisk ikkje så verst i størrelsen likevel
med sine 20 lappar.
Så eg er fornøgd, sjølv om eg nok hadde valt andre fargar
skulle eg ha strikka det i dag.

Mønsteret fann eg i boka Sommer gleder av Grete Gulliksen Moe.
Boka kom ut i 2001.