14 januar 2012

Januar - optimismens månad?

Kvart år i januar er eg full av optimisme
om kor flink eg skal vere i det nye året på fleire områder.
***
Når det gjeld handarbeid,
skal eg gjere ferdig uferdige prosjekt (som eg har rikelsleg av),
kjøpe mindre garn,
bruke av garnlageret (som veks for kvart år)
og vere ferdig med eventuelle julegåver i god tid.
Av erfaring veit eg at dette ikkje går så bra, men ein kan alltids håpe...
***
Eg ser rundt om på hobbybloggane at eg ikkje er åleine om desse nyttårsforsetta,
og det er inspirerande å lese om planane som folk har for det nye året.
***
For meg starta det bra i år.
Eg blei ferdig med nissefamilien min,
(sjølv om far manglar og eg ser at eg burde ha strikka vottane og ....)

Eg har dessutan leita fram denne garnpakken
som eg kjøpte for 5-6 år sidan.
Det er mønster, garn og knappar til Kalvågjakka.
Eg begynte på den for mange år sidan, og var ferdig med brotet.
Trur det stoppa opp fordi eg var i tvil om størrelsen,
og fordi det tok utruleg med tid å nøste opp garnet.
Då eg kjøpte meg nøstemaskin for 1-2 år sidan,
gjekk nøstinga som ein leik.
No har eg strikka ferdig nesten to border av mønsteret.
Garnet er kamgarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Jakka er strikka i dobbel tråd (ein veldig tynn tråd og ein litt tjukkare).
Garnet er herleg å jobbe med, og det blir veldig fint, mjukt og lett.
Håper eg kan bli ferdig med denne i 2012!!

Eg har strikka eit par sokkar i Fabel etter eit mønster
eg fekk av Lappetausa.
.....Samtidig som eg høyrde denne lydboka.
No har eg begynt å lese Barnepiken.
Trur eg må vere ein av dei få som ikkje har lese den enno eller sett filmen.
***
Denne veka såg eg Møte med Margueritte på DVD.
Eg las boka Å telle duer i januar i fjor.
Ei sjarmerande lita bok.
Blogga om det her.
Gerald Depardieu spelar hovudrolla i filmen
og passar utruleg godt i rolla som Germain.
(Akkurat som han passar perfekt i dei andre rollene han har spelt!!)

12 kommentarer:

BenteOO sa...

Det gjer så inderleg godt å få ferdiggjort slike "midlertidig henlagte prosjekt" - likegodt av vi set igang slikt i januar - det går alltids an å setje eit par andre datoar i året ein kan gjere det same til dømes 1. april og 1. september. Ynskjer eit godt framhald hjå deg også!

Anonym sa...

Den genseren ser ut til å bli nyyydelig! Alle gode ønsker for det nye året!

Plakhuis sa...

What a beautyfull cardigan your making. Love the colors. And the book 'The Help' I also ordered. A nice book I think.

Misemor sa...

Godt nyttårsforsett å få strikket ferdig den genseren. Ser jo fin ut, gleder meg til å se den ferdig. =)

Elin sa...

Så kjekt at du er komt igong med Kalvåg-jakka! Og om du er i tvil om storleiken, er det alltids folk i forskjellige fasongar i nærmiljøet..hehe.
Ha ei riktig god helg!

Anne-Mettes Oaser sa...

Jeg kan godt forstå, du er gået io gang med jakken igen. Sikke dejlige farver. Glæder mig til at se fremgangen.
God weekend og strikkelyst.

solveig sa...

Eg kjenner meg att her! I år utsette eg forsetta til veke 2. No har eg nettopp vore ute ein strafferunde - med stegteljar. Kjøpte meg ny til jul ...

Unknown sa...

Så flotte farger det er Kalvågjakken... :O)Jeg syns det er vanskelig å ta igjen prosjekter som har blitt liggende lenge. Det ender som vanlig med at jeg rekker opp da og bruker garnet til noe annet... :O)

Flott sokker..., og digibok er toppen. Har allerede hørt på to bøker etter jul..., krim, selvfølgelig!

ha en fin dag!

Sissel sa...

Så herlige farger i det øverste prosjektet. Gleder meg til å se fortsettelsen :)

Tonemor sa...

Så koselig at du stakk innom bloggen min. og takk for hyggelig kommentar.
Gode forsetter du setter deg for året som kommer.
Fargene på jakken var kjempelekre, gleder meg til å se fortsettelsen.
Klem Tone

Judith sa...

Lenge leve optimismen:-) Såå mye fint og spennede vi skal strikke!

Spennende prosjekt du strikker på, gleder meg til å se fortsettelsen.

Snuppesnella sa...

Hadde som deg omtrent samme nyttårsforsett. Men trur du ikkje eg har sprukke forlengst !
Går forbi fleire garnbutikkar til/frå jobb. Er sikker på at det ligg magneter i inngangspartiet !!! Garnlageret mitt veks og veks. Puh...
Gleder meg til å sjå jakka ferdig. Lukke til vidare.
Fint sokkemønster !