02 januar 2012

Hobbyåret 2011

Hobbyåret 2011 starta med ein kraftig senebetennelse i høgre alboge.
Dette førte til at stitchery og hekling
blei hovudaktivitetane det første halvåret.
Eg hadde heilt dilla på å hekle sjal ei stund,
men blei kurert til slutt.
Her er dei fleste av dei pluss to halsar.
Om sommaren likar eg å jobbe med bomullsgarn,
så då det blei hekla ein del andre småting.
Etter eit halvt år var eg heilt fin igjen i albogen,
og det blei strikking av småplagg igjen.

Eg fekk sydd nokre småting også i år.
Det eg er mest nøgd med sjølv er
denne duken eller bakstekledet,

og dei fire trekantveskene som eg sydde
etter Vanella sitt mønster.
Når det gjeld strikking er eg mest nøgd med
kalendaren som eg strikka i november.
***
Dette er tre av dei beste bøkene eg las i 2011.
Alle tre er sterke bøker som etter mi meining er utruleg godt skrivne.
Skråning gjorde så sterkt inntrykk,
at eg måtte ha lesepause minst ein månad etterpå.

Godt nytt år!

9 kommentarer:

Orlaug sa...

Godt nytt år!
Litt av ein produksjon du hadde fjoråret.....og no håpar me på eit godt nytt hobbyår!

Judith sa...

Det var ingen liten produksjon du har hatt, litt rart å se det samlet. Hekleskjerfne din er supoerfine!
Ønsker deget godt nytt år.

solveig sa...

Du har laga utruleg mykje fint. Flott presentasjon!
Godt nytt hobbyår!

Elin sa...

Flott presentasjon, ja! Som vanleg er det jenta si som har orden og system, også i bileta.
Takk for kjempekoseleg besøk 1. nyttårsdag. No er eg byrja på Bjørnstad si bok. Kjennest bra!

Liv sa...

Jeg er kjempeimponert! Til tross for vond albue klarte du denne store produksjonen, det er baret til å ta av seg hatten. Flotte ting også.
Som du selv sier ser du mest fornøyd med kalenderen du strikket i november. Jeg er synes det storartet i det hele tatt å strikke votter av det slaget. Du er flink!

Godt nyttår!

Birgitta sa...

God fortsättning på nya året.
Vilken produktion du haft förra året.
Kram Birgitta

Barbro sa...

Enormt masse fint!!

Ha en fin dag videre
Klem

Svalen sa...

Godt nytt år!

Så mye flott du laget i 2011, glder meg til å se hva du kommer til å vise frem i 2012:)

Siri sa...

Imponerende samling! Hilsen Siri:-)