15 september 2011

Tubehals

Noko som eg likar med hausten,
er alle dei nye bøkene som kjem ut!
Ikkje minst likar eg hobbybøker,
og eg må innrømme at eg allereie har kjøpt opptil fleire nye.....
Men er ein samlar, så er ein samlar,
berre sjå på hobbybokhylla mi :D
Der er ikkje plass til så mange fleire,
(sjølv om eg har "fjernlagra" dei som eg kan klare med utan),
..... så eg skal prøve å bli kvitt nokre på eplabutikken min, trur eg .....
LUNE MASKER er ei nydeleg bok
med mange fine og stemningsfulle bilder frå Kjerringøy.
Eg kjøpte denne boka mest for bildene si skyld,
og fordi eg er svak for strikka tilbehør.
Småplagga i denne boka er veldig enkle.
Det første eg har strikka frå boka er ein tubehals i falsk patent.

Den blei ganske vid,
men det er greit for eg har ingen sånne frå før av.
Så eg trur eg er fornøgd :-)
Fargen er i alle fall nydeleg!
Litt vanskeleg å sjå ut frå bildet i boka korleis halsen blir,
sidan den ikkje blir vist på modell (ingen av plagga er det).
Garnet eg har brukt. 100 gram av kvar.

5 kommentarer:

Jordmor-Hanne sa...

Synd at det itte er bilder på modeller, men med små plagg klarer man kanskje å "se" hvordan det blir uansett. Flott farge ja!

Besta sa...

Fargen, garnet og mønsteret liknar mykje på hua og skjerfet eg strikka til Margrete i fjor. Sikkert ein varm og mjuk "hals".

Timotei sa...

Jeg er også veldig svak for nye hobbybøker. Du har jo mange!
Den boka ser flott ut. Små strikkeprosjekter er gøy og halsen din så kjempegod ut!

solveig sa...

Du kom meg i forkjøpet, for eg og har tenkt å seie at eg samlar på kokebøker og andre hobbybøker. Det er noko med å drøyme seg vekk litt og planlegge neste prosjekt.

Sissel sa...

Halsen så deilig ut :)