28 september 2011

Onsdagsoppdatering

Eg ser rundt om på bloggane at det er mange som strikkar sokkar for tida.
Eg held meg til enkle variantar slik at det skal gå fort,
og eg får slanka mitt rikhaldige garnlager :D
Desse sokkane er strikka i Regia på pinne nr. 2,5.
Mønster: Har til ein forandring strikka 3 rette, 1 vrang.
Var innom ein garnbutikk i dag
og fekk med meg dei siste katalogane til Pt design.
Ser at dei har hatt ein liten ansiktsløfting på katalogane sine.
Det gjorde seg!
Bok nr. 18
Det har blitt lite lesing på meg dei siste månedane,
i alle fall når det gjeld skjønnlitteratur.
Denne boka begynte eg på i sommar og har hatt den med både hit og dit.
No er eg endeleg ferdig med den (jippi!!).
Dette er den tredje boka eg har lese av Kate Morton.
Er litt usikker på kva eg meiner om den, ingen pageturner i alle fall.
Men godt skriven og kjekk å lese for dei som likar gamle slott,
og koselege engelske mysterium frå gamle dagar.
Har lånt vekk boka allereie, men trur den er på ca. 650 sider.

7 kommentarer:

Besta sa...

Eg held også på å strikke sokkar av garnlageret mitt. Men når det er oppbrukt, skal eg til Volda og kjøpe Regia 6-tråda.På den nye garnbutikken ved sidan av Narvesen har dei nemlig fått inn dette garnet, som eg etter mange års erfaring har funne ut er det sterkaste og beste. Særlig når ein strikkar sokkar i store størrelsar synest eg det er meiningslaus å legge arbeid i å strikke med dårlig garn.Fine sokkar du lagar, forresten. Eg orkar ikkje å strikke så lange brot!

Hildegard sa...

Fine sokkar, lange brot er varmt og godt på tynne barneleggar. Eg er så vidt i gang å lese "En svunnen tid", som eg fekk låne av deg. Har lese "Den glemte hagen" tidlegare. Lett og underhaldande lesnad. Elles held eg på med lydboka "Jeg skal gjøre deg SÅ lykkelig" av ABR, litt spesiell. Frå 60-talet, så ein får visse assosiasjonar...
Mamsen

solveig sa...

Fine lestar! Boka har eg ikkje lese. Såg forresten Arne og Carlos på FrukostTv i opptak. Trur du må strikke ei dokke!

Orlaug sa...

Var no skikkeleg flotte sokkar du har strikka, fine fargar.
Eg er ein særdeles dårleg sokkestrikkar, men er so heldig at eg har ei syster som "ordnar" den saken.

Hverdagsgleder sa...

Alltid kjekt med sokker ! Det finnes så mye fint sokkegarn med herlige farger og mønstre :-) Slipper å feste så mye tråder... godt det også :-)Fine farger på dine sokker ! Dessuten er det gøy å strikke sokker. Ha en fin dag !

LivM sa...

Sokkene dine ble fine, og det er jo så greit med et lite lager både til en selv og til noen som stikker innom. Jeg synes det er morsomt med en slik liten "gave".
Gratulerer med rankingen på denne siden http://no.cision.com/Aktuelt/Bloggtopp/Handarbeid-og-handverkshobby-blogger/

Timotei sa...

Så fine sokker du har strikka! Og så tar du veldig fine bilder!

Ja, jeg strikket sjalet med pinner nr 3. Går sikkert bra med 3,5 også hvis du vil ha det litt luftigere.