02 juli 2011

Sommardag

I dag har vi hatt ein fin sommardag på Vestlandet,
den første etter at skulane tok ferie.
Ikkje kjempevarmt akkurat,
men fint nok.
Eg er i gang med babyteppet.
Fann ut at det var best å hekle,
sidan eg er litt usikker på kor mykje eg klarar å strikke enno.
Eg heklar sikksakk med krok nr. 5, og det går fort.
Teppet blir lett og luftig.
På grunn av at det er laust hekla,
vil eg ikkje ha så mange trådar å feste,
så eg heklar eit nøste til det ikkje er meir garn igjen.
Er halvvegs no.
Mønster på dette teppet fann eg i boka:
Hekling - Gammel teknikk i ny design
av Bente Myhrer og Lilly Secilie Brandal.
(Ei veldig kjekk heklebok!)

5 kommentarer:

Snuppesnella sa...

Det ser ut til å bli eit fint teppe.

I dag var det her på Bergenskanten25 grader, ikkje så mykje sol.
Behageleg å sitje ute å hekle. ;)

Elin sa...

Flinke jente du!

snakkemunn sa...

Så fint det blir. Temp.er fin, men det er ikke stort mer. c,")

Judith sa...

Du er kjapp med heklenåla, dette blir fint:-)

Lindas hobbyhjørne sa...

Så nydelig babyteppe :)
Ha en god natt :)