02 mai 2011

Give-Away hos Tone

Eg var innom bloggen til Tone's hekle & strikkerier i dag.
Ho har Give-Away og gir vekk ei fin hekla brikke med skrifta Kake på.
Eg hekla også denne brikka
(og ei med skrifta Brød på) for fleire år sidan.
Likar dei kjempegodt,
men mine har fått nokre stygge flekkar som eg har problem med å få vekk.
Trur det er egg eller feitt.
Nokon som har eit godt tips?

2 kommentarer:

BenteOO sa...

Fekk dette rådet av førre konservator på De Heibergske samlinger for meir enn 10 år sidan. Kjøp ei flaske Glyserol på apoteket, - dynk flekken. Legg gjerne brikka inn i ein plastpose - minst mogeleg luft i denne samanhengen hindrar fordamping, - vask brikka neste dag. Ser på verdsveven at ein kan vaske etter 10 minutt, kanskje rådet hennar om å la det verke ei stund lenger hadde noko med at ho var den som tok vare på den rike skatten av tekstilar som er på Sogn folkemuseum og difor visste at det kunne spare tekstilane for ekstra vask med å la det verke ei stund lenger. Dette tek det meste av vaskelege flekkar - også dei ein ikkje ventar forsvinn. Lukke til!

Siri sa...

Så koselig blogg du har! Hilsen Siri