29 august 2010

Gryteklut og strikkemappe

Dette mønsteret fekk eg av ein kollega :-D
Det er eit Gjestalmønster,
og garnet som er meint å bruke er Bomull Sport.
Eg fekk ikkje tak i det,
så eg har brukt Petunia frå Pt.
Men synest Petunia er litt for tjukt
og for lite mercerisert til akkurat dette prosjektet.
Artig mønster!
Her er den nye strikkemappa mi
som eg har kjøpt på Eplabutikken til Felisi.
Er veldig fornøgd med den,
kjempefint stoff i duse fargar!

Annepålandets gryteklut

No har eg endeleg prøvd meg på denne populære grytekluten.
Veldig kjekk å hekle, så det blir sikkert fleire etterkvart.
Grytekluten er dobbel, så den er ganske tjukk og solid.
Brenn seg ikkje på fingrane med denne!
Baksida hekla eg utan å bruke mønster.
Mønster: Annepålandets grytekluter
Garn: Div. bomullsrestar.
Heklekrok nr. 3.

22 august 2010

Fleire gryteklutar

Nok eit par gryteklutar i relieffmønster.
Desse er hekla i Mandarin Soft frå Sandnes.
Synest denne lillafargen er veldig fin, dus grålilla.


20 august 2010

Gryteklutar i relieffmønster

Desse gryteklutan er hekla i eit tjukt bomullsgarn
som heiter Puppets (Lyric)
Rundt kantane har eg hekla to omgangar med lysegrått,
dobbel Mandarin Petit.
Er til sals i eplabutikken min.
Mønster på gryteklutane her.

19 august 2010

Glassbrikker

Eg har hekla nokre glassbrikker i Mandarin Petit.
Svarte med lys grå kant rundt.
Kjekt sommarhandarbeid!

18 august 2010

Calorimetry

Dette mønsteret kjem eg stadig tilbake til.
Forrige veke var eg på eit kurs i forbindelse med jobben.
Då strikka ein av kollegaane mine eit slikt hårband.
Då eg kom heim måtte eg finne fram garn og pinnar
og begynne på eit eg og.
Dette er strikka i Sterk frå DSA på pinne nr. 3.
Er til sals på Eplabutikken min.

15 august 2010

Kursheld med meir

Denne helga har eg vore på quiltekurs med amerikanaren
George Siciliano.
Det var veldig kjekt og lærerikt.
De kan lese meir om kurset og sjå bilder på denne bloggen.
G.S. er kjend i USA og har fått mange prisar for quitane sine.
Han har utvikla ein linjal som vi fekk kjøpe og lære å bruke.
Veldig bra til papirsaum og blokksying!
Ein del av tida gjekk med på å designe.
Vi jobba med å sette saman ulike blokker.
Det blei ikkje så mykje sying med meg,
men eg fekk no sydd ferdig denne blokka.
Mi første blokk sydd på papir!
Det gav meirsmak...
Laurdag kveld var vi i 40- års dag til ein god venn,
xxx
Søndag ettermiddag måtte eg bruke litt tid på familien.
Vi var på setra og bada og kosa oss i det fine sommarveret!

09 august 2010

Til hender og føtter

Eg har strikka ferdig to par pulsvarmarar
etter Felisi sitt mønster.
Eit kjekt lite prosjekt!
Første del av mønsteret er veldig enkelt,
men del to og tre krev litt meir konsentrasjon.
Dei brune er strikka i Sisu på pinne nr. 2, 5.
Dei kvite er strikka i Eddagarn på pinne nr. 3.
Eddagarnet har eg ikkje prøvd før.
Det var heilt ideelt til dette mønsteret.
Sokkane har vore ferdig ei stund,
men no har eg festa trådar og tatt bilde.
Garnet er omtala her.

07 august 2010

Sommarsyslar

Eg synest dette postkortet frå Kreta
(faktisk det einaste eg kjøpte),er så artig!
Desse damene klarer fint å hekle i varmen.
Eg hadde med meg rikesleg med handarbeid til Kreta,
men alt eg gjorde på ei veke var å strikke ein halv sokk!
Eg har fått meg ein favorittbutikk på Epla, nemleg Vanella.
Ho syr mest strikkerelaterte ting.
Der kjem stadig nye varer i butikken hennar,
så eg er innom ofte og kikar.
Eg har kjøpt meg ein strikkepose i Marimekkostoff
og eit etui til å oppbevare strikkepinnar i.
I strikkeposen ligg pulsvarerane som eg strikkar på for tida.
Det er Felisi sitt mønster.
Blei glad då eg såg at ho hadde skrive ned møsteret på desse!
Eg strikkar mine i Sisu i mangel på Eddagarn.

P.S. I dag er det forresten 22 år sidan eg blei mor for første gong!
Det betyr at eg må tilbake til kjøkkenbenken.
Ha ei fin helg!

05 august 2010

Kreta

Det har vore stille på bloggen min ei stund,
men no er eg heime igjen etter ei veke på Kreta.
Hadde eigentleg ikkje tenkt meg til syden i sommar,
men såg til slutt at skulle det bli noko sol og badeliv,
måtte vi til sørlegare breddegrader...
Reiste med mann og dei to yngste barna
og hadde det kjempefint ved Chaniakysten!