23 november 2010

Hals i Fabel

Denne halsen strikka eg for nokre veker sidan.
Den er strikka etter dette mønsteret.
Brukte akkurat eit nøste (50 gram) med Fabel.
Må kanskje vaske og blokke den litt,
(evnt. dampe)
for at kanten nede ikkje skal rulle.
Denne blir nok god å ha i vinter!
Vi har mange ender i elva her, men får sjeldan besøk av svanar.
I dag kom det fem, og dei kosa seg og laga masse lyd.
Grunnen til all lyden,
var at to av dei var ungar
som helst ville svømme sine eigne vegar.

4 kommentarer:

Synnøve Olava sa...

Kjekt å ha...., når vinteren setter inn for fullt... :O))

Besta sa...

Eg kjøpte meg ein tynn ullhals, det er praktiske plagg.Men sjølvsagt varmare med strikka. Nydelig bilde av svanane. Då vi reiste forbi Nesbyen på veg heim frå Kongsberg var der utrulig mange svanar på elva. På Hareid brukar der også å vere svanar, på vatnet opp i dalen, der vi køyrde forbi. Her på Vallabøen er det ikkje rim på trea, det er vel mest langs elvane det er slik. Fint, men kaldt!

Hanne-Kristine sa...

Skjønn hals på skjønn gutt:) Mine e og velsigna med strikkeplagg....mor e ivrig strikker, godt med nytt "påfyll" av og til....
Mamma (meg) strikke ikkje fort nok... mine prosjekt blir fort litt...store... kjedelige...glemt i en pose? Huff :)
Prøvde å bestille på Ysolda før i dag, men eg har ikkje paypal! og då komme ein ikkje langt, sukk.

Hildegard sa...

Godt med ein varm hals no i vinterkulda og forkjølelsestid.
Godt så lenge minsteguten held seg frisk. Høyrer at storeguten er på pencillin og snart skal ha eksamen.