26 juni 2010

Vakre Flø

I dag (fredag) har eg vore på tur saman med to av tantene mine
(Lappetausa og Besta) og ein onkel.
Etter ein betre lunsj hos Besta i Ørsta,
køyrde vi gjennom den sju kilometer lange undersjøiske tunnelen til Eiksund.

Desse bildene er tatt på Flø utanfor Ulsteinvik.
Nydeleg natur!
Det er tryggast å gøyme seg bak Mamma Mø......
Etter Flø var vi til Ulsteinvik og shoppa og så på besøk hos kusina mi m/fam. på Hareid.
Der fekk vi nydelege summørske sveler og kaffi.
Prøv denne oppskrifta her!
Takk til Besta og "Besten" for god guiding og ein kjempekoseleg tur!

4 kommentarer:

Snuppesnella sa...

Flotte bilete !!!
Høyrdes ut til å vere ein fin tur. Sikra meg svele oppskrifta. ;)

solveig sa...

Kjempekjekt at de tok turen! Ein gong mannfolka er med, kan ein legge turen til Brandal og museet der+restar etter tyskarane på Kvitneset.

Elin sa...

Takk for kjekk tur i går! Guri kor fine bileta dine er!

Hildegard sa...

Det ser og høyrest ut for at de hadde ein "drømmedag" i går.
Eidabesta