31 juli 2009

Djevelluer til Englebarn

Desse to luene strikka eg tidlegare i sommar, før eg fekk problem med skuldera mi. No har eg festa trådane og sydd på snorer. Mønsteret eg har brukt er dette, og eg har brukt restar av Dale Babyull. Dette er eit mønster som eg har hatt lyst til å prøve lenge, og no passa det godt sidan det blir babyboom i familien denne hausten.
Eg har strikka litt (forsiktig) dei siste dagane på dette babysokkeparet. Det er strikka i Fabel etter dette mønsteret. Str. 1/3 mnd.

27 juli 2009

Ålesund

I dag var vi i Ålesund saman med svogeren og svigerinna mi som er på besøk frå Australia.
Vi var på Aksla og tok bilder. Der får du skikkeleg god oversikt over byen.
Ein spesiell og flott by, og vi var heldige med veret i dag. Det blei berre finare og finare (....før det begynte å regne ut på kvelden....)
Photos from our trip to Ålesund today.

22 juli 2009

Little Patchwork Village

Den siste veka har vi vore litt sjuke her i huset, i alle fall nokre av oss. Minstemann har hatt magesjuke, men er heldigvis mykje betre no. Forma mi har variert sidan vi kom heim frå ferie, og særleg dei siste dagane har eg vore veldig slapp. Det er litt frustrerande når veret er så høveleg til husarbeid, og ein har mykje ein skulle ha gjort.........
I dag måtte eg innom ein stoffbutikk for å kvikke meg opp litt.
Ingun hadde fått inn dette mønsteret av Rosalie Quinlan. Det heiter Little Patchwork Village Wall Quilt. Det består av ni blokker, som alle har eit lite stitchery i midten.

Mitt favorittmotiv frå hagen i dag.

19 juli 2009

Industrimuseet i Horsens

Forrige søndag var vi i den koselege danske byen Horsens.
Vi var utan bil, men budde på hotell midt i gågata, med gåavstand til både museum og kunstgalleri. Difor blei det sånne ting vi brukte dagen til sidan alle butikkane var stengt.
Bilder frå klesmuseet som var ein del av Industrimuseet.
Her kjøpte eg denne vesle "stofftingen" til å oppbevare
papirlommetørkle i.

18 juli 2009

To små vaskeklutar

Det har blitt lite strikking på meg i det siste. Eg hadde ikkje med meg strikkearbeid på ferieturen til Danmark pga. ei dårleg skulder/arm. Men på slutten av turen begynte eg på desse vaskeklutane i Mayflower bomullsgarn, kjøpt i Danmark. Eg merkar at det ikkje er bra med for mykje strikking, så det spørst om det må bli ei litt lengre pause når det gjeld denne aktiviteten :-(

16 juli 2009

Feriehandel

Her er det eg handla av stoff og garn i Danmark.
2,5 meter stoff hos Panduro til 200 kr.
Arwetta og New Zealand Lammeull har eg sett mykje skryt av på ulike bloggar. Begge produsert i Danmark. Nettadresse med ein del gratis mønster her.
Det raude bomullgarnet har eg ikkje høyrt om før, men det verkar veldig godt og fargen er nydeleg!
This is what I bought in Denmark.

15 juli 2009

Heime igjen....

I natt kom vi heim frå Danmark. Vi reiste to familiar i lag til Billund på Jylland. Der budde vi i eit nytt og fint husLalandia-området. Mykje kjekt å finne på for barn, ungdom og vaksne!
Det blei også to netter på hotell i Horsen pga. problem med bilen.....
We have been to Denmark, and here are some photos of what we saw and did there!

03 juli 2009

(Mat)hildes sommerveske......

Denne AnnAKa-veska sydde eg nesten ferdig i fjor sommar.
Dei siste dagane har eg jobba litt på den igjen, og no er den heilt ferdig, endeleg!
(manglar berre nokre trykknappar på dei to utvendige lommane...)
Det blei ei typisk sommarveske i desse stoffa.
Eg lærer alltid mykje av å sy etter AnnAKa sine mønstre. Kvart mønster er eit lite kurs!

01 juli 2009

Juniproduksjonen