20 juni 2009

Sommarferie

No er skulane slutt og "lærarferien" begynt!
Det gjer ikkje noko om veret ikkje er heilt topp dei første dagane,
for eg er i ryddemodus for tida.
Har rydda så mykje på jobben dei siste vekene, at det passar med litt gradvis nedtrapping.
I går rydda og ommøblerte eg på syrommet.
Som vanleg blei eg litt sjokka over kor mykje eg har av garn, stoff og uferdige prosjekt,
så eg måtte berre gjere meg litt hard og kaste litt. Ein kan ikkje samle på alt.....
Skiftande ver i dag. Litt regn, sol og skyer.
Av og til varmt og av og til kaldt.
Lappetausa fekk Ishbel-sjalet i bursdagsgåve, så i dag kjøpte eg meir BabySilk slik at eg kan begynne på eit nytt til meg sjølv.
Eg likte veldig godt den beige fargen, men for å få litt variasjon kjøpte eg lysegrått i dag.
Trur det og kjem til å bli veldig fint. Kjøpte også to stoffbitar.
Fatet fekk eg av systra mi til bursdagen min tidlegare i veka.

9 kommentarer:

Elin sa...

For eit koseleg innlegg, og så fin ny heading du har fått! Du er jamen flittig, misunner deg det fint rydda hobbyrommet!

Hellen Sigurbjörg sa...

Takk for en koselig komment pa bloggen min! Jeg er ogsa pa "lærerferie" og haper a fa gjort en masse i sommer. Takk for en veldig fin blogg, jeg fölger med pa bloggen din. Ha en fortsatt god ferie!

Anne-Mettes Oaser sa...

Hilde, tillykke med fødselsdagen.
Jeg håber, du får en dejlig ferie med en masse af de vidunderlige nordiske sommervejr, når det er bedst.
Lækkert fad.
Mange hilsner
Anne-Mette

Turi sa...

Gratulera med overstått bursdag. Kos deg i ferien, det er nokre veker til eg kan begynne på ferien.

Orlaug sa...

So godt med sommarferie!!!!!
Nyt den.....
Og du, det er fleire som vert forundra over kor mykje me har samla på....men kaste??Nei, nei...ikkje her.

Grethe sa...

Så koselig blogg innlegg.
Jeg har ikke vært innom her før, men nå har jeg blitt litt kjent. Så mye fint du lager. Jeg kommer helt sikkert innom igjen.
Ha en fin uke :0)(0:

Anonym sa...

Hei Håper du får en fin ferie.Da får man åftes tid til og jøre ting som man ellers ikke får tid til.Ha en riktig fin dag.Bodil

Eli A. sa...

Gratulerer med dagen! Godt å få rydda. Det føles så deilig etterpå :-)Kjempefint sjal du har strikket, lekkert !!

Maret sa...

Så deilig, nyt ferien og ha ein fin kveld...